Hjem
Utdanning
erasmus+

Johannes Kepler Universität Linz og Institutt for fysikk og teknologi (ERASMUS+)

  • LandØsterrike
  • ByLinz-Auhof
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelor- og masterprogramma i fysikk. I tillegg kan lektorstudentar som har fysikk som eit av sine fag reise ut på denne avtalen. Andre studentar ved Det matematisk-naturvitskaplege fakuletet kan òg søke dersom dei har tilfredsstillande fagleg bakgrunn for emna dei skal ta. Dersom det er fleire søkarar enn det er ledige plassar, vil fysikkstudentar bli prioriterte.

Det er eit krav at du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du reiser på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i fysikk er det lagt til rette for at ein kan reise på utveksling i sjette semester.

Studentar på andre studieprogram oppmodast om å ta kontakt med studierettleiaren for programmet dei går på for meir informasjon om når det passar å reise ut.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er tysk.

Dersom du ikkje har gode nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg før utreise. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av både vidare i studietida og i yrkeslivet.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Fleire universitetet i utlandet arrangerer eigne språkkurs for tilreisande utvekslingsstudentar. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva kurstilbod som eventuelt finst i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Skal du ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Opphald ved lærestader i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen. Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Johannes-Kepler-Universität blei etablert i Linz i 1966, og er kalla opp etter den kjende matematikaren og astrologen Johannes Kepler, som budde og underviste i byen. Universitetet prioriterer forsking og utdanningar tilpassa moderne næringsliv, samt interdisiplinære studieløp og e-læring. Universitetet har om lag 19 000 studentar, fordelt på fire fakultet. Universitetet sin hovudcampus ligg i eit grønt og tiltalande område litt nord for Linz, om lag 20 minutt unna sentrum.

Linz blei grunnlagd av romarane allereie 800 år før vår tidsrekning og er i dag den tredje største byen i Austerrike, med 192 000 innbyggarar. Byen ligg på begge sider av elva Donau, 266 meter over havet og 30 kilometer sør for grensa mot Tsjekkia. Byen var utmerkt som europeisk kulturhovudstad i 2009, og er kjend blant anna for fleire moderne kunst- og teknologisentre.

Bustad

Universitetet har studentbustader både på campus og inne i sentrum. Ein kan velje om ein vil bu på enkeltrom eller dele med fleire studentar.

Semesterinndeling

Oktober - januar og mars - juli.

Grøn campus
Photo:
© Johannes Kepler Universität Linz

Informasjon