Hjem
Studentsider
erasmus+

Johann Wolfgang Goethe-Universität Frankfurt am Main og Institutt for økonomi (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByFrankfurt am Main
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Bachelorstudentar. Avtalen gjeld først og fremst for studentar ved Institutt for økonomi, men andre studentar kan også søke.

Når i studiet kan eg reise

Studentane må ha fullført 60 studiepoeng før avreise. Studentar ved bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utveksling etter at dei har bestått 3. semester. Studentar ved profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi og bachelorprogrammet i politisk økonomi vert råda til å ta utvekslinga i 4. semester.

Språk

Undervisningsspråk er engelsk og tysk. Tysk krev nivå B2.

Kva emne kan eg ta

Lærestaden har eit godt utval emne innan samfunnsøkonomi og business.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Johann Wolfgang Goethe-Universität Frankfurt am Main blei etablert i 1912 av Frankfurt sitt velståande, liberale borgarskap, og er det einaste borgaruniversitetet i Tyskland. Det har vore kjent for å huse akademikarar med band til den politiske venstresida. I dag har universitetet om lag 40 000 studentar, og fire campusar, som ligg i bydelane Westend, Bockenheim, Riedberg og Niederrad.

Frankfurt am Main ligg i delstaten Hessen, sørvest i Tyskland. Nesten ein tredjedel av byen sine 700 000 innbyggarar kjem frå utlandet. I storbyområdet bur nesten 2,5 millionar menneske. Byen er eit finansielt sentrum, med viktige finansinstitusjonar som Den europeiske sentralbanken og Frankfurtbørsen. Både levestandarden og kostnadsnivået er over gjennomsnittet for tyske byar.

Bustad

Det er underskot på studentbustader i Frankfurt am Main. Universitetet hjelper internasjonale studentar med å finne losji så langt kapasiteten rekk. Kapasiteten kan vere knapp på den private marknaden i tida rundt semesterstart, så det løner seg å vere tidleg ute.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Flott bygning
Foto/ill.:
© Johann Wolfgang Goethe-Universität Frankfurt am Main

Informasjon