Hjem

Utdanning

erasmus+

Université Rennes II - Haute-Bretagne og Institutt for informasjons- og medievitenskap (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByRennes
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved bachelorprogramma i medievitskap, film- og tv-produksjon, journalistikk, nye medier, vert prioriterte. Studentar ved andre program kan søkje dersom det er plass.

Når i studiet kan eg reise

Studentar ved bachelorprogramma i journalistikk og i film- og tv-produksjon kan dra på utveksling i 4.semester. Studentar ved bachelorprogrammet i medievitskap kan dra anten i 4., 5. eller 6.semester. Studentar ved bachelorprogrammet i nye medier kan dra i 5.semester.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université Rennes 2 - Haute-Bretagne er eit offentleg universitet med om lag 22 000 studentar som hovudsakleg fokuserer på samfunnsvitskap, språkutdanningar, humanistiske fag og idrettsfag. Universitetet har gjort vedtak om å fusjonere med søsteruniversitetet Université Rennes 1 i løpet av dei komande åra. Universitetet sin hovudcampus ligg i Rennes. Det finst òg ei lita avdeling i Saint-Brieuc.

Rennes ligg i Bretagne, nordvest i Frankrike. Byen har om lag 210 000 innbyggarar og omtrent det dobbelte folketalet i storbyområdet. Det bur svært mange studentar i byen, og kvart år blir det arrangert ei rekke festivalar her. I tillegg til ei rekke musikk- og kunstfestivalar finst blant anna ein retrodataspelfestival og ein festival for anvendt vitskap.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden CROUS, og har eit avgrensa tal bustader til disposisjon for internasjonale søkarar. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semesterinndeling

August - desember og januar - juni.

Grøn campus
Foto:
© Université Rennes II - Haute-Bretagne

Informasjon