Hjem
Utdanning
erasmus+

National and Kapodistrian University of Athens og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandHellas
  • ByAthinai
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

I Master i rettsvitskap-studiet kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" finn du informasjon om korvidt du må vere ferdig med fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er gresk, men dei har nokre emne på engelsk, fransk og tysk kvart semester. Detaljer om kor mange emne som er tilgjengelege på dei ulike språka finn du i emneoversikten.

Universitetet tilbyr òg eit gratis språkkurs i moderne gresk for Erasmusstudentar. Informasjon om dette kurset finn du på denne nettsida.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som vert godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. På nettsida til universitetet finn du oversikt over kva emne ein kan ta som Erasmusstudent.

Universitetet nyttar ikkje ECTS-systemet, men i staden oppgjev dei kor mange timar undervisning emna har per veke. Informasjon om korleis antall timar per veke kan reknast om til ECTS-credits finn du på denne nettsida.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

National and Kapodistrian University of Athens (NKUA) er det største universitetet i Hellas, og eit av dei største i Europa. Det er eit offentleg universitet med over 100 000 studentar og eit svært omfattande fagtilbod, som er organisert både i fakultet og fleire delvis sjølvstyrte skular. Universitetet har fire campusar som alle ligg i, eller i nærleiken av Athen. Det administrative hovudbygget til universitetet er teikna av ein danske, og ligg rett nord for høgda Akropolis.

Athen er hovudstad i Hellas og har om lag 3,5 millionar innbyggarar. Han ligg i Attica, og er omkransa av fjell. Athen er ein av verdas eldste byar, og blir av mange rekna både som demokratiet sin fødestad og vogga til den vestlege sivilisasjon.

Bustad

Universitetet har eit eige Erasmuskontor som har ansvar for å hjelpe internasjonale studentar med å finne bustad. Det samarbeider med den lokale studentsamskipnaden i Athen. Universitetet kan òg arrangere kortvarig losji på studenthostell ved behov.

Semesterinndeling

September - februar og februar - juli.

Informasjon