Hjem
Utdanning
bilateral

University of Waterloo og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandCanada
  • ByWaterloo
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Det krevst eit karaktersnitt på C eller høgare for å kome til vurdering for utveksling gjennom denne avtalen. Det er òg ein føresetnad at du har tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise ut.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du høyrer til for informasjon om dette. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta emne som frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket ved UW er engelsk. Du må kunne dokumentere karakter 4 eller høgare i engelsk frå vidaregåande skole for å få fritak frå kravet om engelsktest.

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Avtalen er i utgangspunktet open for studentar frå dei fleste fagområde, men UiB-studentar kan primært få plass på Faculty of Arts, Faculty of Science og Faculty of Mathematics (der blant anna også Computer Science høyrer til). Emna du vel kan ikkje overlappe i innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

UiB har sirka tre friplassar i året ved University of Waterloo, ein på Facuty of Arts, ein på Faculty of Science og ein på Faculty of Mathematics (som blant anna også fagmiljøet for Computer Science held til).

Dei som ikkje får tilbod om ein av desse plassane, men stadig ønsker å reise ut gjennom avtalen må betale ei studieavgift.

Som norsk student vil du sleppe å betale University of Waterloo si obligatoriske sjukeforsikring, ettersom norske borgarar er dekt av Folketrygdas ordningar. Studentar må så snart som mogeleg etter ankomst levere inn dokumentasjon på dette til vertsuniversitetet.

I uttaket med frist 1. september 2019 har vi to friplassar for eitt semester.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Waterloo (UW) har sidan det blei grunnlagt i 1957 kome til å vere eit av dei mest anerkjente universiteta i Canada. 13 av dei siste 15 åra har det blitt rangert som det beste «comprehensive university» i Canada av tidsskriftet Maclean's. Mykje av dette skuldast den store suksessen med sokalla co-op-program, der studentane har ei blanding av ordinære emne og utplassering i arbeidslivet. UW har omlag 20 000 lågaregrads- og 2 200 høgaregradsstudentar, og rundt 1 500 av dei er internasjonale. Dette inkluderer sirka 200 studenter som har kome gjennom eit av universitetet sine 91 utvekslingsprogram.

Tvillingbyen Kitchener-Waterloo har om lag 200 000 innbyggarar, og rundt 55 prosent av dei er av tysk herkomst. Byen husar ein av dei største oktoberfestane utenfor Tyskland. Det er ein times køyretur til Niagara Falls og Toronto, og ein time til New York med fly. Sjølv om byen er relativt liten, set dei to universiteta sitt preg på byen. University of Waterloo og Wilfred Laurier University ligg omtrent rett over gata for kvarandre. Sjølv om UW okkuperer eit stort parklignande område, er det kort vei ned til sentrum. Det går dessutan ofte buss til og frå universitetet.

Bustad

Universitetet har ei rekke ulike bustadsalternativ på campus, alt frå tradisjonelle studentbustadar med 25 dobbeltrom per etasje, via en leilighetsvariant der fleire studentar deler bad og stove, til «townhouses» der fire studentar bur saman i eit hus. Nokre av studentbustadane har måltid inkludert, nokre har ein kafeteria, mens andre igjen har kjøkkenfasilitetar der studentane lager maten sjølv. Alle studentar har tilgang på fellesområde med tv-stove, pc-fasilitetar og vaskemoglegheiter. For nokre av bustadsalternativa vil dette ligge i eit anna bygg. Det finst eigne rådgivarar tilknytt dei enkelte einingane.

Semesterinndeling

Det akademiske året ved UW er inndelt i to semester. Haustsemesteret varer frå september til desember, og vårsemesterer varer frå januar til april.

Informasjon