Home
Student Pages
bilateral

University of Waterloo and University of Bergen (BILATERAL)

  • CountryCanada
  • TownWaterloo
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration1-2 semester

Main content

Om lærestaden

About the institution and the city

University of Waterloo (UW) har sidan det blei grunnlagt i 1957 kome til å vere eit av dei mest anerkjente universiteta i Canada. 13 av dei siste 15 åra har det blitt rangert som det beste «comprehensive university» i Canada av tidsskriftet Maclean's. Mykje av dette skuldast den store suksessen med sokalla co-op-program, der studentane har ei blanding av ordinære emne og utplassering i arbeidslivet. UW har omlag 20 000 lågaregrads- og 2 200 høgaregradsstudentar, og rundt 1 500 av dei er internasjonale. Dette inkluderer sirka 200 studenter som har kome gjennom eit av universitetet sine 91 utvekslingsprogram.

Tvillingbyen Kitchener-Waterloo har om lag 200 000 innbyggarar, og rundt 55 prosent av dei er av tysk herkomst. Byen husar ein av dei største oktoberfestane utenfor Tyskland. Det er ein times køyretur til Niagara Falls og Toronto, og ein time til New York med fly. Sjølv om byen er relativt liten, set dei to universiteta sitt preg på byen. University of Waterloo og Wilfred Laurier University ligg omtrent rett over gata for kvarandre. Sjølv om UW okkuperer eit stort parklignande område, er det kort vei ned til sentrum. Det går dessutan ofte buss til og frå universitetet.

Accommodation

Universitetet har ei rekke ulike bustadsalternativ på campus, alt frå tradisjonelle studentbustadar med 25 dobbeltrom per etasje, via en leilighetsvariant der fleire studentar deler bad og stove, til «townhouses» der fire studentar bur saman i eit hus. Nokre av studentbustadane har måltid inkludert, nokre har ein kafeteria, mens andre igjen har kjøkkenfasilitetar der studentane lager maten sjølv. Alle studentar har tilgang på fellesområde med tv-stove, pc-fasilitetar og vaskemoglegheiter. For nokre av bustadsalternativa vil dette ligge i eit anna bygg. Det finst eigne rådgivarar tilknytt dei enkelte einingane.

Semester duration

Det akademiske året ved UW er inndelt i to semester. Haustsemesteret varer frå september til desember, og vårsemesterer varer frå januar til april.

Information