Hjem
Studentsider
erasmus+

Université Côte d'Azur og Det humanistiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByNice
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på eit bachelor- og masterprogram ved Det humanistiske fakultet, men også andre studentar som ønsker å ta humanistiske fagemne når dei er på utveksling kan søke på avtalen.

Før du reiser på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor -eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram ved HF vil bli prioritert om det er fleire søkarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Etter at ein har tatt 60 studiepoeng, kan ein tilpasse utreisetidpunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråket er fransk. Dersom du ikkje har gode nok språkkunnskapar, fins det fleire måtar å førebu seg språkleg før uteise, sjå http://www.uib.no/utdanning/48603/f%c3%b8r-og-under-opphaldet for informasjon om språkkurs og språktandem.

Kva emne kan eg ta

Studentane kan velje emne frå det humanistiske fagtilbodet ved universitetet.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université de Nice-Sophia Antipolis blei grunnlagt i 1965, og har om lag 25 000 studentar. Universitetet har eit breitt fagtilbod, men er særskilt kjent for naturvitskapleg forsking. Det har blant anna eit observatorium, ein underjordisk lågstøylab og verdas første sokalla WWW Interactive Multipurpose Server (WIMS) til bruk innan matematiske fag. Universitetet har fire campusar i Nice, i tillegg til mindre avdelingar i Sophia Antipolis og Villefranche-sur-Meir.

Nice ligg sør i Frankrike ved Middelhavskysten, i regionen Provence-Alpes-Côte d'Azur. Byen er ein av dei mest populære feriebyane på den franske rivieraen, og har om lag ein million innbyggarar i storbyområdet. Han er tydeleg påverka av italiensk kultur og språk, då han tidlegare var ein del av den italienske regionen Piemonte.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden CROUS, og har eit avgrensa tal bustader til disposisjon for internasjonale søkarar. Det finst òg fleire private studentbustader i nærleiken av campus. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semesterinndeling

September - januar og januar - juni.

Studentrapportar

2018

HAUST 2018-BA i fransk

HAUST 2018-BA i fransk

15.08.2018 - 31.12.2018

Førebuingar/praktiske tips

Ordne bosted
Sette seg inn i studietilbudet

Undervisningsformer

Forelesninger
Ekskursjoner med praktiske øvinger

Vurdering av emnetilbodet

Jeg har studert Licence Professionel Guide Conférencier som er et årsstudie for å bli godkjent guide i Frankrike.

Fagleg utbyte og språk

Studiet var fantastisk interessant og lærerikt, men utrolig arbeidskrevende. Både faglig og språklig utbytte er veldig bra.

Universitetsområdet og byen

Universitetsområdet er ok og byen er utrolig fin og interessant.

Bustad

Bodde privat

Sosialt miljø

Sosialt miljø for mitt vedkommende var veldig bra, vi var en klasse på 15 som fulgte samme forelesninger og ble godt kjent.

Informasjon