Hjem
Utdanning
erasmus+

Mykolas Romeris University og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandLitauen
  • ByVilnius
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket ved vertsuniversitetet er litauisk, men dei har òg eit avgrensa emnetilbod med engelsk, tysk eller fransk som undervisningsspråk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. På denne nettsida finn du lenke til ei oversikt over emnetilbodet ved universitetet.

Mykolas Romeris University nyttar ECTS-poengsystemet, der ein ECTS-credit svarar til eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Mykolas Romeris University er eit offentleg universitetet i Vilnius, kalla opp etter juristen som er rekna for å vere den litauiske grunnlova sin far. Det blei grunnlagt i 2004, og er eit av dei største universiteta i Litauen. Universitetet har om lag 18 000 studentar, fordelte på fem fakultet, som tilbyr studium i beredskap, rettsvitskap, økonomi og finansstyring, beredskap («public security») og sosial teknologi («social technology»).

Vilnius er Litauen sin hovudstad, og ligg søraust i landet. Han har over ein halv million innbyggarar, og har sidan Sovjetunionens fall utvikla seg til å bli ein moderne, vestleg by. Det historiske sentrum i Vilnius står oppført på UNESCO si verdsarvliste. I byen står det òg ein statue av Frank Zappa, trass i at den provokative rockemusikaren verken stammar frå byen, eller har spela der.

Bustad

Universitetet har eigne studentbustader som ligg i nærleiken av campusområdet, der internasjonale studentar kan søke om plass. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Vilnius.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Grøn campus
Foto/ill.:
© Mykolas Romeris University

Informasjon