Hjem
Utdanning
erasmus+

Università degli Studi di Palermo og Institutt for geografi (ERASMUS+ - PhD)

  • LandItalia
  • ByPalermo
  • Studieplassar4
  • StudienivåDoktorgradsnivå
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for masterstudentar i systemdynamikk.

Når i studiet kan eg reise

Masterstudentar i systemdynamikk kan reise på utveksling i 2. semester av masterprogrammet.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er i utgangspunktet italiensk, men alle kurs i EMSD-programmet har engelsk som undervisningsspråk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Kva emne kan eg ta

Masterstudentar i systemdynamikk kan ta emne i Palermo som blir undervist i vårsemesteret på EMSD-programmet som alternativ til spesifikke emne i studieprogrammet ved UiB (GEO-SD306, GEO-SD308 og GEO-SD321).

Det gjeld desse emna i Palermo: 

  • Planning and Control Systems (8 ECTS)
  • System Dynamics for Business Strategy (9 ECTS)
  • Planning, Policy Design, and Management in the Public Sector (7 ECTS)
  • System Dynamics for Planning, Policy Design, and Management in the Public Sector (6 ECTS)

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Università degli Studi di Palermo blei grunnlagt i 1806. Det er eit offentleg breiddeuniversitet med om lag 50 000 studentar. Hovudcampusen ligg i Palermo. I tillegg finst mindre avdelingar i byane Agrigento, Trapani og Caltanissetta. Universitetet har ein obligatorisk praksisperiode i arbeidslivet som del av studiet både for bachelor- og masterstudentar. I samarbeid med sjukehuset i Palermo driv universitetet ein medisinsk klinikk, som eit gratis poliklinisk tilbod til studentar.

Palermo er den største byen på Sicilia, og ligg nordvest på øya. Byen er ein historisk smeltedigel, både når det gjeld arkitektur og samansetninga av dei 660 000 innbyggarane.

Bustad

Universitetet har somme studentbustader reservert for internasjonale studentar som det går an å søke på, men det er ikkje garantert at alle som søker får eit tilbod. Det kan vere stort press på den private leigemarknaden rundt semesterstart, så det lønner seg å vere tidleg ute.

Semesterinndeling

Oktober - februar og mars - juni.

Informasjon