Hjem
Utdanning
erasmus+

Wageningen University og Det medisinske fakultet (ERASMUS+)

  • LandNederland
  • ByWageningen
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld kun for studentar som går på studieprogram i human ernæring.

Når i studiet kan eg reise

Studentar på bachelorprogrammet for human ernæring kan reise på utveksling i sitt 4. eller 5. semester.

Det er elles avhengig av kva for eit semester du ønsker å utveksle i, og av at emnekombinasjonen ved vertsuniversitetet kan godkjennast som tilsvarande emnekombinasjonen du elles skulle ha tatt ved UiB i utvekslingssemesteret. I alle fall er det krav om at ein skal vere i rute med studia før utreise.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er nederlandsk og/eller engelsk.

Sjå uib.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Kva emne kan eg ta

Du må velje emne som svarar til dei emna du elles skulle ha tatt i same semester ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Wageningen Universiteit blei grunnlagt i 1876. Det blir vanlegvis omtalt med kortforma Wageningen UR, og er ei samanslåing mellom universitetet og to forskingsinstitutt, som tidlegare høyrde til det nederlandske landbruksdepartementet. Universitetet er kjend for å ha sterke fagmiljø blant anna innanfor agronomi, helse og ernæring, biovitskap og naturressursforvaltning, men tilbyr òg utdanningsløp innan eit breitt spekter andre fagområde.

Wageningen er ein liten historisk by i provinsen Gelderland, geografisk plassert om lag midt i Nederland. Med 6500 tilsette, og nesten 10 000 studentar, står universitetet for over ein tredjedel av det totale folketalet.

Bustad

Universitetet har ei ordning der internasjonale studentar kan søke om studentbustad via utvekslingskoordinatorane på fakultet dei høyrer til.

Semesterinndeling

Det akademiske året er delt inn i til saman seks periodar med eksamenar etter kvar, der dei to første er lagt til september - desember og dei fire siste er lagt til tidsrommet februar - juli. Ein kan finne meir informasjon om kva som gjeld for dei ulike fagområda på universitetet sine heimesider.

Studentrapportar

2015

Vår 2015 - Bachelor i human ernæring

Vår 2015 - Bachelor i human ernæring

05.01.2015 - 06.07.2015

Førebuingar/praktiske tips

Etter at søknaden for utanlandsopphaldet var sendt til universitetet i Bergen, følgte ein søknad til sjølve universitetet i Wageningen Nederland. Eg søkte før 1. februrar 2014, for utveksling våren 2015. Eg er glad for at eg søkte så tidlig, slik at eg kunne bruke god tid på å finne fag som eg kunne ta i Wageningen. Å finne dei rette faga tok litt tid, men fikk god hjelp frå rådgjvevaren min i Wageningen! Så tips; kontakt dei tidlig, og hald kontakt med universitetet der og her for å få den beste kombinasjonen. Ellers er uib si nettside godt oppdatert i forhold til kva papir ein må få i orden før avreise.
Eg søkte om støtte både frå Lånekassen og frå Erasmus siden det var ein Erasmus+ avtale.

Undervisningsformer

Året i Wageningen er bygd opp av 6 perioder, der periode 3 og 4 består av 4 veker med undervisning og ei studie veke, mens dei gjenverande består av 6-8 med 1-2 veke studieveke. Etter periode 3 og 6 har dei to veker med re-eksamenar, dersom du har klart alle faga dine betyr dette ferie, visst ikkje må du ta oppatt eit fag.
Nivået på universitetet er generellt ganske høgt, det vil sei at ein må har 55% rett (altstå karakteren 5,5) for å stå i dei fleste fag. Karakter skalaen går frå 1-10 (med komma), der 5,5 er bestått. Det er nokså vanleg å ikkje stå i alle fag, og at ein må ta ein fag oppatt. Som dei seier; "av fem fag, må du rekne med å stryke/ta opp igjen to av dei".
Per periode har ein eitt fag i dei korte periodane, og 2 i dei lengre (morgon og ettermiddagsfag). I vert fall i dei lengre periodene har ein prosjekt, innleveringar eller liknande, og eksamen (tentamen) i tillegg på slutten av perioden. Professorane følgjer deg tett, og karakterar blir publisert ganske opent.

Vurdering av emnetilbodet

Wageningen Universitet er ein av dei beste universiteta innanfor matvarer og ernæring. I lys av dette har dei difor også utrulig mange emner å velgje mellom! Ein må berre passe på nivået, då første års emner som regel blir gitt på nederlandsk. På visse punkt tilsvarerer deira første års fag til våre andre årsfag.

Fagleg utbyte og språk

Siden eg snakker nederlandsk vart det enda lettare for meg å velgje fag, då språk i utgangspunktet ikkje var problem. Likevel merka eg at den ikkje strakk heilt til når det kom til det faglege, men det var ikkje noko problem då omtrent 30% av studentane i Wageningen er internasjonale studentar og det meste egentlig foregår på engelsk. Så språk var eigentleg ikkje eit så veldig stort problem, og det ville det heller ikkje vert for nokon som ikkje kan nederlandsk.
Det faglege nivået er ganske høgt, så det krever ein del av deg, men til gjengeld lærerer du utrulig mykje og får god oppfølging.

Universitetsområdet og byen

Wageningen Universitet har allereie eit stort og nytt campus område, men dei driver å utvider det stadig. Fasilitetane er utrulig bra. Det er ulike bygg etter kva type fag ein har, til dømes var alt av sosiale fag i Leeuwenborch, matvare i Orion og arkitektur i Forum. Som ein del av introduksjonsveka i begynnelsen av februar fikk vi ei god omvisning av området som gjorde første skuledag mykje lettare.

Wageningen er ein veldig liten by per nederlandsk standard med kun 30 000 innbyggjere, dei ser nesten på det som ei bygd. Det har ei lita handle gate med alt det nødvendige, busstasjon, 3-4 matvare butikker, nokon restauranter og ein del puber som det altids er liv på. I Wageningen, som ellers i Nederland, er framkomstmiddelet ein sykkel! Dersom ein skal langt (som 30 km unna) er det delvis godtatt å ta bussen. Så ein sykkel må ein ha, den treng ikkje vere av høg kvalitet da sjansen for at nokon tar den er stor. Lås er difor også viktig. Ein må også ha lys, dersom ein ikkje har det får man bot frå polititet, og joda, dei kontrollere dette ganske hyppig. Det viktigaste er at sykkelen frakter deg frå A til B, og at du kjenner den lett att når du skal finne den i sykkelkaoset kl. fem om ettermiddagen når alle skal heim.
Ellers ligger Wageningen ganske sentralt til i Nederland i den forstand at det er lett å komme seg til andre byer. Det tek ca. ein halvtime til Utrecht og ein time til Amsterdam med tog. Dersom ein benytter seg av offentlig transport i Nederland treng ein eit OV-chipcard. Dette kortet kan ein velge om skal vere personlig eller ikkje. Ein fyller peng på det, "sjekker inn" når ein starter reisen sin og "sjekker ut" når ein er kommet fram. Det ein må hugse på er at ein må sjekke inn og ut dersom ein bytter selskap, det vil sei at busser høyre til eit anna selskap enn toget (akkurat som Nor-Way og NSB i Norge, NS = tog i Nederland).

Bustad

I Wageningen har dei Idealis som ein kan samanlikne med SIB i Bergen. Det er dei som står for dei fleste bustedene for studentane i Wageningen, men det er også nokon på det private markede. Som utvekslingstudent er det lettast å kontakte Idealis sjølv eller bruke ei internettside som heiter Kamernet.nl. Her lager du i så fall ein profil, og kan sjå på rom som studenter leiger ut (her er det ein blanding av idealis og private bustader). Dersom du leiger direkte via Idealis vil du nok få tildelt eit sted å bu som er ganske standard då dei har ein del "international rooms". Disse er meint til utvekslingstudentar som er der for alt i frå eit par månedar til år.

Personleg fant eg eit rom via Kamernet.nl. Rommet var i eit fem manns kollektiv i eit rekkehus som var eigd av idealis. Husa var nylig satt opp, så standarden var fin. For eit rom på ca 20 kvm betalte eg ca 3500 norske kroner. I huset var det to doar, dusj, vaskerom og felles kjøkken/oppholdsrom. Vi hadde også ein liten hage.
Eg budde med fire andre nederlendere, men det er ikkje så ofte at det er reine nederlandske kollektiv. Dei fleste kollektiva har som regel ein eller to internasjonale studenter!

Sosialt miljø

Då søknaden var innvilga i Wageningen mottok eg ein mail frå IxESN Wageningen som er den internasjonale studentorganisasjonen. Dei informerte om buddy-programmet (som tilsvare faddere) og WinterAID (som er ei introduksjonsveka). Som ein del av dette fikk vi tildelt "foreldre" (faddere/mentorer) som skulle guide oss gjennom den første veka vår i Wageningen og ellers hjelpe oss med praktiske ting. Før eg kom til Wageningen i Februar mottok eg god informasjon om veka, kvar eg skulle møte og kven som var min buddy-familie! Den første veka av februar var satt av til WinterAID, som var mykje som den typiske norske fadderveka i august. Kanskje berre litt meir kontrollert og variert. Veka la eit godt grunnlag for bekjentskap med andre, skulen og byen i seg sjølv! Dette er noko eg anbefaler å vere med på!
Utover året holdt eg kontakt med buddyfamilien min, som var veldig kjekt! No kjenner eg folk frå mange steder i verden!

Kvar andre veka organiserte IxESN styret ein så kalla "international Kitchen". Her var eit land i verden representert av studenter frå dette landet som laga ein tre retters middag med rettar typisk for landet og hadde ein form for underholdning i løpet av kvelden! Dette var utrolig kjekt og spennande å delta på! Eg har smakt så utrolig mange ulike gode, men også merkelige ting! I tillegg er det sosialt, då alle sitter å spiser sammen rundt store bord.
Ellers var det nok av fester å delta på, då det var så kalla "open party" hos ein av studentorganisasjonene nesten kvar veka.
Wageningen University har også eit veldig godt fritids tilbud i form av sporter og lag som ein kan delta i, ein svømmehall, løpebane, treningssenter (kun 50€ for eit halvt år! Og då har ein ubegrensa tilgang til dette, svømmehallen og timer).

Nederland er eit ganske lite land i areal, så det tar ikkje så lang tid å komme seg frå øst til vest, nord til sør. Og det faktum at Wageningen er eit ganske lite sted, bidrar til at dei fleste Nederlendere reiser heim til foreldrene sine i helgene. Dette resultere i at det ikkje er så mange studentar att i byen i helgene, bortsett frå oss internasjonale. Til gjengeld gir det rom for reising og utforskning av Nederland og alt det har å by på!

Bygg på campus
Photo:
© Wageningen Universiteit

Informasjon