Hjem
Utdanning
erasmus+

Universiteit Maastricht og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandNederland
  • ByMaastricht
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på eit bachelorprogram i helsefag ved Det psykologiske fakultet, og som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk.

Språkkrav: B2

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise - sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Helsefag på lågare grad (BA).

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

 

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Emnetilbodet ved dette universitetet er presentert her: https://www.maastrichtuniversity.nl/education/course-finder

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universiteit Maastricht blei etablert i 1976 og er det yngste universitetet i Nederland. Universitetet har seks fakultet og om lag 16 000 studentar, kor av om lag ein tredjedel kjem frå andre land. Universitetet er internasjonalt orientert, med mykje undervisning på engelsk. Det prioriterer forsking knytt til dei tre temaområda «Livskvalitet», «Læring og innovasjon» og «Europa i eit globalt perspektiv». Pedagogisk har institusjonen fokus på problembasert læring (PBL) og mykje gruppearbeid. Universitetet har to større campusområde. Det eine ligg i sentrumskjernen og det andre i forstadsområdet Randwyck.

Maastricht ligg søraust i Nederland, i provinsen Limburg, mellom Belgia og Tyskland. Byen har om lag 130 000 innbyggarar. Han har fått namn etter elva Maas og er blant anna kjend som fødeby for Den europeiske union og euroen.

Bustad

Maastricht University Guesthouse tilbyr utleige av bustader for utvekslingsstudentar i nærleiken av campus, så langt kapasiteten rekk. Søknaden om bustad kan sendast saman med opptakssøknaden. Tildelinga av bustader skjer etter førstemann til mølla-prinsippet.

Semesterinndeling

August - desember og januar - juni.

Informasjon