Maastricht University and Faculty of Psychology (ERASMUS+)
- CountryNetherlands
- TownMaastricht
- Number of exchange places4
- Study levelBachelor
- Exchange programmeErasmus+
- Exchange duration1 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Universiteit Maastricht blei etablert i 1976 og er det yngste universitetet i Nederland. Universitetet har seks fakultet og om lag 16 000 studentar, kor av om lag ein tredjedel kjem frå andre land. Universitetet er internasjonalt orientert, med mykje undervisning på engelsk. Det prioriterer forsking knytt til dei tre temaområda «Livskvalitet», «Læring og innovasjon» og «Europa i eit globalt perspektiv». Pedagogisk har institusjonen fokus på problembasert læring (PBL) og mykje gruppearbeid. Universitetet har to større campusområde. Det eine ligg i sentrumskjernen og det andre i forstadsområdet Randwyck.
Maastricht ligg søraust i Nederland, i provinsen Limburg, mellom Belgia og Tyskland. Byen har om lag 130 000 innbyggarar. Han har fått namn etter elva Maas og er blant anna kjend som fødeby for Den europeiske union og euroen.
Accommodation
Maastricht University Guesthouse tilbyr utleige av bustader for utvekslingsstudentar i nærleiken av campus, så langt kapasiteten rekk. Søknaden om bustad kan sendast saman med opptakssøknaden. Tildelinga av bustader skjer etter førstemann til mølla-prinsippet.
MERK: I Nederland har det vore store utfordringar knytta til bustad for utvekslingsstudentar dei siste åra. Universiteta i dei fleste byane melder om stort press på bustadmarknaden, og det er vanskelegare å få bustad gjennom universiteta.
Semester duration
August - desember og januar - juni.
Information
- Homepagehttp://www.maastrichtuniversity.nl/
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7260
- Subject namePublic health