Hjem
Studentsider
erasmus+

Hochschule Magdeburg-Stendal og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByMagdeburg
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Fachhochschule Magdeburg-Stendal blei grunnlagt i 1991, og har i dag fem avdelingar i Magdeburg og to i Stendal. Om lag 5000 av dei totalt 6800 studentane held til på den nye storcampusen i Magdeburg. Fagtilbodet er størst innan praktisk retta fag.

Magdeburg er hovudstad i delstaten Sachsen-Anhalt, nordaust i Tyskland. Byen var ein av dei viktigaste byane i Europa i middelalderen. I dag har han rundt 240 000 innbyggarar. Stendal er ein småby med rundt 45 000 innbyggarar som ligg om lag 60 kilometer nord for Magdeburg,

Bustad

Det finst studentbustader både i Magdeburg og Stendal. Desse er drifta av den lokale studentsamskipnaden Studentenwerk. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli.

Flott bygning
Foto/ill.:
© Fachhochschule Magdeburg

Informasjon