Eberhard Karls Universität Tübingen og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)
- LandTyskland
- ByTübingen
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen gjeld for studentar som går på eit av studieprogramma ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) og andre studentar på Det humanistiske fakultet som ønsker å ta humanistiske fag når dei er på utveksling.
Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit program ved UiB i heile den perioden du er på utveksling. Studentar på programma ved LLE blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.
Når i studiet kan eg reise
Bachelorstudentar: Det passar best å reise på utveksling i fjerde eller femte semester av bachelorgraden. Det tilrådast å ta emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.
Masterstudentar: Undersøk med studierettleiaren for programmet du går på kva semester passar best.
Språk
Undervisningsspråket ved universitetet er tysk.
Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.
Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst for innreisande studentar i komande semester.
Kva emne kan eg ta
Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for (humanistiske fag). Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa i graden din ved UiB, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande spesialiseringsemne ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivå.
Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Eberhard-Karls-Universität Tübingen blei grunnlagt i 1477, og er eit tradisjonsrikt universitet med ein brei fagleg profil. Det har om lag 28 000 studentar fordelte på sju fakultet. Universitetet har òg samarbeid med heile 17 universitetssjukehus, samt ei rekke forskingsinstitusjonar.
Den tyske universitetsbyen Tübingen ligg sørvest i landet, like sør for nasjonalparken Schönbuch i Baden-Württemberg. Han har om lag 90 000 innbyggarar, og meir enn ein tredjedel av dei er studentar. Universitetet dannar eit omdreiingspunkt for byen både økonomisk og demografisk. Det er elles ein grøn og svært komfortabel by å bo i, med låg kriminalitet, sykkelstiar og mykje vakker middelalderarkitektur.
Bustad
Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden Studentenwerk om eit bustadtilbod for Erasmus-studentar. Det er viktig å søke innan fristen. Det kan vere vanskeleg å finne bustad i Tübingen på den private marknaden ved semesterstart.
Semesterinndeling
Oktober - mars og april - juli.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.uni-tuebingen.de
- Korleis søkeRettleiing om søknadsprosess
- Kode8025
- FagnavnHumanistiske fag