Hjem
Studentsider
erasmus+

'Pázmány Péter' Catholic University og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandUngarn
  • ByBudapest
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er i hovudsak ungarsk, men det finst òg ei rekke emne som har engelsk som undervisningsspråk. I tillegg finst det nokre få emne som blir underviste på tysk, fransk og italiensk.

Informasjon om ungarsk språkkurs finn du på denne nettsida.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap.

nettsida til universitetet finn du oversikt over kva emne ein kan ta som Erasmus-student. Erasmus-studentar kan velge blant emne på bachelornivå.

Universitetet nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Pázmány Péter' Catholic University er eit privat katolsk universitet med rundt 10 000 studentar. Det har fem ordinære fakultet og i tillegg eit eige institutt for forsking innan kanonisk rett, altså det interne lovverket for den katolske kyrkja. Universitetet har elles utmerkte forskingssentre innanfor fagfelta Midtausten-studiar, konkurranserett, bioteknologi og eksperimentell medisin.

Budapest er hovudstad i Ungarn og består historisk sett av to byar, Buda og Pest, som ligg på kvar si breidde av Donau. Han har rundt 1,7 millionar innbyggarar og er ein historisk viktig og usedvanleg vakker by med mange slott og praktbygg. Kostnadsnivået i Budapest er lågt samanlikna med andre europeiske storbyar.

Bustad

Universitetet har eigne studentbustader i Budapest. Den mest kjente er St. Ignatius College, som er tilknytt jesuittordenen, men det finst òg andre alternativ. Det er òg råd å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Budapest.

Semesterinndeling

September - januar og februar - mai/juni.

Studentrapportar

2020

Haust 2019 - Integrert master i rettsvitskap

Haust 2019 - Integrert master i rettsvitskap

21.08.2019 - 31.01.2020

Førebuingar/praktiske tips

Det er ikkje mykje å førebu før utvekslingsperioden startar. Det er diverre ikkje så mykje oppdatert informasjon om studiestaden/studietilbodet på nettsida, men ein blir tidleg tildelt ein fadder som svarer på det ein måtte lure på. Det er også ein rådgivar på universitet som svarar raskt på spørsmål.

Det er ein fordel at det går direktefly til/frå Budapest - Oslo fleire gonger i veka. Med Wizzair kan ein få billettar til 100kr ein veg.

Undervisningsformer

Faga er verdt 6 credits, ein må såleis ta eksamen i 5 fag for å fullføre semesteret.

Ein kan velje mellom å ta ”bloc seminars” eller å ta fag med vanlig undervisning - stort sett ein gong i veka. Bloc seminars har intensiv undervisning i ei til to veker med påfølgande eksamen. Det er ikkje mange bloc seminars å velje mellom, men ei rekke ”vanlege fag”.

Eksamen kan vere skriftleg/munnleg eksamen på universitetet, heimeeksamen eller framføring.

Vurdering av emnetilbodet

Det var 40 – 50 fag å velje mellom. Eg opplevde at det var god kvalitet på undervisinga og ein har mogligheit til å bytte fag dersom ein ønskjer det i løpet av opphaldet.

Fagleg utbyte og språk

Forelesarane snakkar godt engelsk. Og det faglege utbytte var i all hovudsak godt.

Universitetsområdet og byen

Universitet ligg i hjarta av Budapest. Universitetet og byen er fantastiske stader å studere. Det er ting som skjer ved universitetet og i byen heile tida. Offentlig transport er billeg og godt organisert.


Bustad

Det er ein fordel å ha ordna bustad før semesteret startar. Det er billig å bu og leve i Budapest. Det er ei rekke sider på t.d. facebook der ein finn billege leilegheiter til studentar. Mange leiger óg gjennom Airbnb. Sjølvklart er det ein fordel å bu nære universitet. Snakk gjerne med fadderen du får tildelt om bustaden verkar fordelaktig.

Sosialt miljø

Folk er veldig inkluderande og det er eit fantastisk godt miljø på universitetet generelt og blant erasmus studentane spesielt. Både i fadderveka og resten av semesteret er det organiserte arrangement (ofte fleire gonger i veka) for erasmus studentane på jussen.

Informasjon