Hjem
Utdanning
erasmus+

University of Trnava og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandSlovakia
  • ByTrnava
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket på vertsuniversitetet er i hovudsak slovakisk, men dei har òg nokre emne med engelsk som undervisningsspråk.

Universitetet tilbyr språkkurs i slovakisk for internasjonale studentar.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. På denne nettsida finn du lenke til ei oversikt over emnetilbodet ved universitetet.

University of Trnava nyttar ECTS-poengsystemet, der ein ECTS-credit er det same som 1 studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Det noverande University of Trnava er eit relativt lite offentleg universitet som blei grunnlagt i 1992. Det har fem fakultet og rundt 7500 studentar. Fakulteta for filosofi og humaniora, utdanning, helse- og sosialfag og rettsvitskap ligg i Trnava, medan fakultetet for teologi ligg i Bratislava.

Trnava er den største byen i den slovakiske regionen med same namn. Han ligg om lag 50 kilometer aust for Bratislava og 95 kilometer aust for Wien. Byen har vore ein viktig handelsstad opp gjennom historia, og dannar eit viktig kulturelt sentrum i regionen. Trnava har rundt 75 000 innbyggarar, og eit lågt kostnadsnivå samanlikna med Sentral-Europa elles.

Bustad

Universitetet tilbyr studentbustader for Erasmus-studentar. Dei fleste av bustadane er hyblar som ein deler med ein eller fleire andre studentar, og ligg om lag 20 minutts gange unna universitetet sin hovudcampus. Det er òg mogeleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Trnava.

Semesterinndeling

Oktober - januar/februar og februar- juni.

Grøn campus
Foto/ill.:
© University of Trnava

Informasjon