Hjem
Utdanning
erasmus+

Universität zu Köln og Griegakademiet - Institutt for musikk (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByKöln
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på Bachelorprogram i musikkvitskap ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det er lagt til rette for utveksling i 5. semester, altså haustsemesteret 3. studieår.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

30 frie studiepoeng. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität zu Köln blei grunnlagt i 1388, og er eit av dei største og eldste universiteta i Tyskland. Dei 46 000 studentane kan velje i eit fagtilbod med alle dei klassiske universitetsdisiplinane. Dei fleste universitetsbygningane ligg i bydelen Lindenthal, vest for sentrumskjernen.

Köln er den fjerde største byen i Tyskland, med litt over ein million innbyggarar. Han ligg Nordrhein-Westfalen, men blir òg omtalt som «den nordlegaste byen i Italia» på grunn av det gjestmilde sosiale klimaet. Köln er kjend for Kölnerdomen, verdas største gotiske katedral, for karnevalet som blir halde i februar kvart år, for ølet Kölsch og for parfymen Eau de Cologne.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor ved kvart fakultet som hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad. Det finst fleire studentbustader her, som blir drifta av den lokale studentsamskipnaden. Det kan elles vere vanskeleg å finne bustad på den private marknaden i Köln.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli/august.

Informasjon