Hjem
Utdanning
erasmus+

Georg-August-Universität Göttingen og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByGöttingen
  • Studieplassar6
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma ved Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studium (LLE) og andre studentar som ønsker å ta språklege emne når dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er ute. Studentar på bachelor- eller masterprogram ved LLE blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved LLE: Best eigna for utveksling er fjerde, femte eller sjette semester av graden. Det er tilrådeleg å ta emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren for programmet du går på. Det passar vanlegvis best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er tysk og engelsk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst for innreisande studentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Språkfag.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa i graden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande spesialiseringsemne ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivå. Ver merksam på, at dersom du skal ta emne på 200-nivå på utveksling, må du finne emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng.

Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. 

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Georg-August-Universität Göttingen er eit offentleg breiddeuniversitet med rundt 26 500 studentar og i alt 13 fakultet. Det har òg tre botaniske hagar og ei rekke tilknytte forskingssentre i regionen. Universitetet er blant dei viktigaste arbeidsgivarane i Göttingen, og har sine fakultet og bygningar spreidd rundt i byen.

Göttingen er ein nordtysk by i Niedersachsen, om lag ein times køyretur sør for Hannover. Her bur det om lag 130 000 innbyggarar. Landskapet i denne delen av landet er temmelig flatt, noko som gjer området rikt på jordbruk og veleigna for syklistar.

Bustad

Det finst fleire studentbustader i Göttingen, i hovudsak administrerte av den lokale studentsamskipnaden. Universitetet har eit bustadkontor som hjelper internasjonale studentar med å finne ein stad å bu.

Semesterinndeling

Oktober - februar og april - juli.

Grøn campus
Photo:
© Georg-August-Universität Göttingen

Informasjon