Hjem
Utdanning
erasmus+

Westfälische Wilhelms-Universität Münster og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+ - Literature)

  • LandTyskland
  • ByMünster
  • Studieplassar5
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtala gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i allmenn litteraturvitskap og andre studentar som ynskjer å ta emne i litteratur når dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram i allmenn litteraturvitskap vert prioriterte i fall det er fleire søkjarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor i allmenn litteraturvitskap: Best eigna for utveksling er fjerde, femte eller sjette semester av graden. Ein rår til at studentane tar 200-nivået på utveksling då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivået enn på 100-nivået.

Studentar på andre bachelorprogram: sjekk med ditt studieprogram i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Master i allmenn litteraturvitskap: andre semester av masterprogrammet.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er tysk. Det finst òg somme emne med undervisning på engelsk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå vertsuniversitetet sine nettsider for informasjon om kva kurstilbod som finst for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i ei spesialisering i allmenn litteraturvitskap, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande emne i allmenn litteraturvitskap ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivå. Ver merksam på, at dersom du skal ta emne på 200-nivå på utveksling, må du finne emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng.

Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Westfälische Wilhelms-Universität Münster er eit stort statleg breiddeuniversitet, med rundt 45 000 studentar og eit stort fagtilbod fordelt på 15 fakultet. Universitetet sine bygningar ligg over heile byen, og administrasjonen held hus på slottet i Münster.

Münster er ein mellomstor tysk by med om lag 280 000 innbyggarar som ligg i Nordhrein-Westfalen, vest i Tyskland. Byen er kjend for sin høge levestandard. Han har mykje grøntareal og blir rekna for å vere Tysklands fremste sykkelby.

Bustad

Universitetet har eigne studentbustader for internasjonale studentar. Dei fleste andre studentheimane i Müster er drifta av den lokale studentsamskipnaden. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli/august.

Bymiljø
Foto/ill.:
© Westfälische Wilhelms-Universität Münster

Informasjon