Hjem

Utdanning

erasmus+

Carl von Ossietzky Universität Oldenburg og Institutt for geografi (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByOldenburg
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelor- og masterprogramma i geografi. Andre interesserte studentar kan og søke, men blir prioritert etter geografistudentane. Du må ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har tatt 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For bachelorstudentar tilrår vi utveksling i 4. og/eller 5. semester som frie studiepoeng. Masterstudentar i geografi må legge ei eventuell utveksling til 2. semester og finne emne som kan erstatte emna i kursdelen.

Språk

Undervisningsspråk er tysk på bachelornivå, tysk og engelsk på masternivå.

Kva emne kan eg ta

Denne avtalen gjeld for fagområdet Environmental Sciences (Landscape Ecology) og passar best for studentar som er interessert i miljø- og landskapsgeografi. Studentar som reiser på denne avtalen kan ta emne frå ulike program. Spesielt aktuelle for geografistudentar er:

  • B.Sc. Environmental Sciences (undervist på tysk)
  • M.Sc. Landscape Ecology (undervist på tysk og engelsk)
  • M.Sc. Water and Coastal Management (undervist på engelsk)
  • M.A. Sustainability Economics and Management (undervist på tysk og engelsk)

Fagleg dekker desse tverrfaglege programma eit breitt spekter innanfor naturvitskap og samfunnsvitskap. I tillegg samarbeider Universitetet i Oldenburg med Universitetet i Bremen om nokre bachelorprogram. Det betyr at du som student ved Oldenburg kan studere geografi i Bremen.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen i 2. semester av mastergraden. Vi anbefaler denne avtalen for studentar på miljø- og landskapsgeografi master, som kan ta emne frå det engelskspråklege programmet "Wadden Sea, dynamic system and natural heritage": https://www.icbm.de/en/internatstud/

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Carl von Ossietzky Universität Oldenburg har seks fakultet og om lag 13 000 studentar. Blant universitet sine prioriterte forskingsfelt er biodiversitet, hørselsforsking, neurosensorar og marine vitskapar. Det er elles òg kjent for å ha eit godt utdanningstilbod innan pedagogiske utdanningar. Universitetet har to campusar, Haarentor og Wechloy, som begge ligg like nordvest for sentrumskjernen.

Oldenburg ligg nord i Tyskland, mellom Hamburg og grensa mot Nederland. Han har om lag 160 000 innbyggarar, og er ein av dei raskast veksande byane i landet. Ved sida av utdanningssektoren er verksemder knytt til ny teknologi og fornybar energi blant dei viktigaste næringane i området. Byen har mange små parkar og marknadar, og er vel tilrettelagd for syklistar og fotgjengarar.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om å tilby bustad for internasjonale studentar. Søknaden om studentbustad kan sendast saman med opptakssøknaden. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Oldenburg.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Flott bygning
Foto:
© Carl von Ossietzky Universität Oldenburg

Informasjon