Hjem
Utdanning
bilateral

Boston College og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandUSA
  • ByChestnut Hill
  • Studieplassar1
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Bachelorgradsstudentar som har minimum B i snitt og har fullført to år av sine studier kan søke på denne avtalen. Masterstudentar kan ikkje søkje på denne avtalen.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiar ved ditt institutt/fakultet for informasjon om dette.

Språk

OBS! Viss du vil søkje om utveksling til Boston College må du avleggje TOEFL-test før du søkjer.

Boston College krev følgjande minimumsresultat på TOEFL-testen:

Paper Based Test: 550
Computer Based Test: 213
Internet Based Test: 79/80

Meld deg på ein test i god tid før 1. februar!

Kva emne kan eg ta

Boston College tar berre opp studentar på bachelornivå. BC tilbyr fyrst og fremst fag innan humaniora, realfag og samfunnsvitskap.

Studieavgift

UiB kan kvart år sende én student til BC for eit opphold på eitt semester. Det er eit krav at søkaren har fullført to års studier før utvekslinga finn stad. Studentar som ønsker å dra på utveksling til Boston College må ha eit karaktersnitt på B eller betre. Studentar som ikkje kan nominerast til utveksling, men som likevel vil studere ved Boston College i vårsemesteret, vil ha moglegheita til å betale for en studieplass. Skulepengane er ca USD 17 000 for eitt semester. Desse studentane har status som "Study Abroad Students", og dei må bu på campus. Kostnadene for å bu på campus varierer frå USD 3000-5000 for eitt semester (5 månader) avhengig av om ein ønsker mat inkludert i leiga, og kor mange måltid i veka ein ønsker.

I uttaket med frist 1. februar 2019 har vi 3 friplassar for eitt år eller 6 plassar for eitt semester.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Boston College vert etablert i 1863 som eit av de fyrste katolske universiteta i USA. Universitetsområdet ligg i ein forstad ca 1 mil fra sentrum av Boston. Universitetet er særleg velrenommert og har ca 13.500 studentar.

Boston er en av de eldste byane i USA. Byen er stolt av sine hollandske og irske røter, og sentrum av byen er vakkert, med parkar og eit fint hamneområde. Protestar og opprør i Boston var foranledninga til den amerikanske uavhengighetserklæringa av 1776 og uavhengighetskrigen mellom 1775 og 1783. Bostonborgaren John Adams var sentral i utarbeidinga av uavhengighetserklæringa og vert USAs andre president.

Bustad

Utvekslingsstudentar kan ikkje bu på campus, men International Office i Hovey House kan gje råd angåande leige av hybel på den private marknaden i nærleiken av campus.

Det anbefalast å reise til Boston i god tid før semesterstart. Man kan då eventuelt bu på motell i nokre netter mens man finn seg eit fast sted å bu.Nokre studentar finn bustad ved å benytte seg av www.craigslist.org.

Det finnast også private utleigemeklare i nærhleiken av skulen som man kan nytte, dersom man ynskjer det.

Semesterinndeling

Haustsemesteret varer fra byrjinga av september til ca 20 desember, og vårsemesteret varar fra midten av januar til midten av mai.

Flott bygning
Photo:
© Boston College

Informasjon