Hjem

Utdanning

erasmus+

University of South Wales og Griegakademiet - Institutt for musikk (ERASMUS+)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar som går på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet - Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk s

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i det 3. studieåret av bachelorprogrammet. Vi anbefaler at studentane reiser ut heile studieåret, altså både i haust- og vårsemesteret.

Språk

Undervisingsspråket er engelsk. Sjå lærestaden sine heimesider for meir informasjon.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of South Wales blei danna i 2013 då to universitet blei slått saman, men har røter attende til eit mekanisk institutt i Newport frå 1841. Med 31 000 studentar er universitetet det største i Wales. Det har fire fakultet som dekker eit breitt spekter av fagområde, og fem campusar som ligg i og ved Cardiff, Newport og Pontypridd. Universitetet er kjent for å ta godt vare på studentane sine, og skårar høgt på nasjonale studenttrivselundersøkingar.

Cardiff er hovudstad i Wales, og har om lag 350 000 innbyggarar. Byen har fleire store kulturarenaer, samt ei norsk kyrkje i Cardiff Bay, skipa i 1868. Kolgruvene har vore viktige for regionen, og Sør-Wales var frå 1700-talet av ein av dei mest industrialiserte delane av Storbritannia.

Bustad

Universitetet har eigne bustader på nokre lokaliteter, og andre stader samarbeider det med private aktørar. Dei fleste er på, eller like ved campus. Universitetet tilbyr òg hjelp til dei utvekslingsstudentane som ynskjer å leige bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

Det akademiske året er delt inn i trimester, med forelesingsperiodar og eksamensavvikling i tidsromma september - desember, januar - mars og april - juni.

Flott bygning
Foto:
© University of South Wales

Informasjon