Hjem
Utdanning
erasmus+

Université de Rennes I og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByRennes
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er fransk. Det finst òg eit svært avgrensa emnetilbod på engelsk, med det er ikkje nok til å fylle eit heilt semester. Studentar som ønsker å reise ut gjennom denne denne avtalen må vere førebudde på å ta emne på fransk for å kunne oppnå full semesterbelasting. Gode franskkunnskapar er derfor anbefalt.

Informasjon om fransk språkkurs finn du på denne nettsida.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. På nettsida til universitetet finn du oversikt over kva emne ein kan ta som Erasmus-student. Erasmus-studentar kan velge blant fag på bachelornivå og nokre fag på masternivå.

Universitetet nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université de Rennes I er eit offentleg breiddeuniversitet med rundt 26 000 studentar fordelte på ti fakultet, ei rekke tilknytte skular og eit observatorium. Det har hovudsete og tre campusar i Rennes, med fleire mindre avdelingar i andre franske byar. Universitetet har gjort vedtak om å fusjonere med søsteruniversitetet Université Rennes 2 i løpet av dei komande åra.

Rennes ligg i Bretagne, nordvest i Frankrike. Byen har om lag 210 000 innbyggarar og omtrent det dobbelte folketalet i storbyområdet. Det bur svært mange studentar i byen, og kvart år blir det arrangert ei rekke festivalar her. I tillegg til ei rekke musikk- og kunstfestivalar finst blant anna ein retrodataspelfestival og ein festival for anvendt vitskap.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden CROUS, og har eit avgrensa tal bustader til disposisjon for internasjonale søkarar. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semesterinndeling

September - januar og januar - mai.

Informasjon