University of Rennes I and Faculty of Law (ERASMUS+ - 3. og 5. studieår)
- CountryFrance
- TownRennes
- Number of exchange places6
- Study levelBachelor og Master
- Exchange programmeErasmus+
- Exchange duration1 semester
Main content
Om lærestaden
About the institution and the city
Université de Rennes I er eit offentleg breiddeuniversitet med rundt 26 000 studentar fordelte på ti fakultet, ei rekke tilknytte skular og eit observatorium. Det har hovudsete og tre campusar i Rennes, med fleire mindre avdelingar i andre franske byar. Universitetet har gjort vedtak om å fusjonere med søsteruniversitetet Université Rennes 2 i løpet av dei komande åra.
Rennes ligg i Bretagne, nordvest i Frankrike. Byen har om lag 210 000 innbyggarar og omtrent det dobbelte folketalet i storbyområdet. Det bur svært mange studentar i byen, og kvart år blir det arrangert ei rekke festivalar her. I tillegg til ei rekke musikk- og kunstfestivalar finst blant anna ein retrodataspelfestival og ein festival for anvendt vitskap.
Accommodation
Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden CROUS, og har eit avgrensa tal bustader til disposisjon for internasjonale søkarar. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).
Semester duration
September - januar og januar - mai.
Information
- Homepagehttps://www.univ-rennes1.fr
- How do I applyInstructions on Søknadsweb
- Submit your application hereSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7330
- Subject nameLaw