Hjem
Studentsider
erasmus+

Turku University of Applied Sciences og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+)

  • LandFinland
  • ByTurku
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelor- og masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå: https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at bachelorstudentane reiser ut heile studieåret, altså både i haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Turku University of Applied Sciences blei grunnlagt i 1992, og har i dag rundt 10 000 studentar. Det har sju fakultet og tilbyr forskingsbaserte yrkesutdanningar innan eit breitt spekter fagfelt. Universitetet har tre campusar. Den største ligg i Turku, kalla Åbo på svensk. Dei to andre ligg i Salo og Loimaa.

Åbo blei grunnlagd på 1200-talet og er Finlands eldste by. Han ligg sørvest i Finland og har om lag 180 000 innbyggarar. 5,5 prosent av dei er svenskspråklege. Åbo er Finlands offisielle juleby, og er elles kjend som vertskap for ein årleg middelaldermarknad og Skandinavias eldste rockefestival, Ruisrock. Salo er ein kystby med 55 000 innbyggarar som ligg mellom Åbo og Helsinki.

Bustad

Universitetet har ingen eigne studentbustader, og internasjonale studentar må ordne med dette sjølve. Det er gode sjansar for å få tildelt bustad gjennom The Student Village Foundation (TYS) dersom ein søker i god tid.

Semesterinndeling

August - desember og januar - mai.

Informasjon