Hjem
Utdanning
bilateral

University of Dundee og Det juridiske fakultet (BILATERAL - LLM)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • ByDundee
  • Studieplassar10
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 4. studieår. For å kvalifisera til studier ved University of Dundee må ein ha eit karaktersnitt på C eller betre.

Når i studiet kan eg reise

På masterstudiet i rettsvitskap kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" finn du informasjon om korvidt du må vere ferdig med fjerde studieår før utreise.

Det er óg mogleg med oppstart i vårsemesteret på LLM-programmet.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Studentar som har oppnådd karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregående skule treng ikkje å avleggje TOEFL/IELTS-test.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta ein LLM-grad. Ein LLM er ein eittårig mastergrad i juss, som gir ei grundig spesialisering innanfor eit bestemt rettsområde. Ein LLM sikrar (på visse vilkår) at ein kan få godskriving av heile 5. studieår, altså både spesialemne og masteroppgåve.

LLM-graden er på 180 credits, strekk seg over tre semester (12 måneder) og tilsvarar 90 studiepoeng. Ein har to semester med fag, før ein skriv ei stor oppgåve ("dissertation") i løpet av sommaren. Fordi ein skriv ei lengre oppgåve ("dissertation") kan ein søke om godskriving av masteroppgåva etter opphaldet ved University of Dundee. Oppgåva må tilsvare ei norsk masteroppgåve i omfang (12000 ord) og djupne.

I Dundee tilbys ulike spesialiseringar.

I tillegg har Dundee to LLM-program som tilbys i samarbeid med franske universitet. Då oppheld ein seg i Dundee det første semesteret medan ein er i Frankrike det andre semesteret, før ein til sist dreg tilbake til Dundee for å skrive oppgåve. Undervisninga føregår på engelsk i Frankrike óg. Dei to LLM-programma som delvis tas i Frankrike er: International Commercial Law som tilbys i samarbeid med universitetet i Cergy-Pontoise (utanfor Paris) og Comparative and European Private International Law i samarbeid med eit universitet i Toulouse. Det siste har studiestart i vårsemesteret, og passar dermed ikkje så godt med utdanningsplanen til studentar frå Bergen.

Du kan lese meir om dei ulike LLM-programma på nettsidene til School of Law.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

NB! Dersom utveksling til denne lærestaden er siste del av graden din, må du vere merksam på at dei offisielle karakterane kjem seint i haustsemesteret eller tidleg i vårsemesteret etter at masteroppgåve er levert ved vertsuniversitet. Du kan ikkje søkje om endeleg godkjenning av delstudia i utlandet før dei endelege og offisielle karakterane ligg føre. Dersom utveksling er siste del av graden din, vil du ikkje få registrert oppnådd grad før dei offisielle resultata er motteke og søknad om endeleg godkjenning er ferdig handsama ved fakultetet i Bergen. Du må ta høgde for denne ventetida på offisielle karakterar og forseinkinga i kva tid mastergraden vert oppnådd når du planlegg jobbsøking. Dette er særleg relevant dersom du skal søkje autorisasjon som advokatfullmektig fordi oppnådd grad er ein føresetnad for slik autorisasjon.

Studieavgift

For studieåret 2019/2020 er ordinære skulepengar på mellom 16 450 GBP og 17 275 GBP for LLM studia (satsen er avhengig av spesialisering).

Studentar frå Bergen får 5 000 GBP i skulepengerabatt (Global Excellence Scholarship). Dersom det skulle vise seg at ein student ikkje er kvalifisert til Global Excellence Scholarship, kan ein få 2 000 GBP i skulepengerabatt (Partnership Scholarship).

Ein skal òg registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida ein er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Dundee blei grunnlagt i 1881, og fekk universitetsstatus i 1967. Det har om lag 18 000 studentar og eit breitt fagtilbod fordelt på fire fakultet. Universitetet har fleire tradisjonar gjennom året, blant anna «Gaudie Night» som er den kvelden under velkomstveka når nye studentar får utnemnd fadrar frå høgare kull, og «Raisin weekend», som er helga når dei nye studentane yt gjengjeld til fadrane sine. Hovudcampus ligg i West End i Dundee, like ved elva Tay.

Dundee er den fjerde største byen i Skottland og har om lag 150 000 innbyggarar. I sentrum ligg den 174 meter høge Dundee Law, ein vulkansk plugg frå ein utdøydd vulkan. Byen kallar seg «City of Discovery», til ære for byens vitskapelege oppdagingar, og at skipet «RRS Discovery», som tok oppdagaren Robert Scott til Antarktis, blei bygd i Dundee.

Bustad

Ein kan søke om studentbustad på hovudcampus i West End. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Dundee.

Semesterinndeling

September - januar og januar - juni.

Studentrapportar

2017

Høst 2017 - Integrert masterprogram i odontologi

Høst 2017 - Integrert masterprogram i odontologi

28.08.2017 - 08.12.2017

Førebuingar/praktiske tips

Få unna papirarbeidet så raskt som mogleg før utveksling, det tek litt tid når ein skal kommunisere fram og tilbake med eit anna universitet.
I Skottland:
Tog er beste framkomstmiddel. Kjøp "Railcard" hos Scotrail for å få rabatt på togreiser. Lønner seg etter 3.togturen. Kjøp alltid "Return-ticket".
Treningsmedlemskap: Bli medlem av ISE (på campus) eller Puregym.

Undervisningsformer

Undervisninga føregår på engelsk. Siste året til tannlegestudentane i Dundee består mest av praksis, og det er ingen oppsette førelesningar anna enn fyste veka, noko som er praktisk når ein har førelesningar heime å følge med på.
Ein arbeidar sjølvstendig i klinikkane under oppsyn/kontroll av lærarane. Ein er på tannlegeskulen 1-2 dagar i veka på entan allmennklinikk, akuttklinikk, barneavdeling eller oralmedisinsk/kirurgisk avdeling. Der ser ein 1-2 pasientar per økt (morgon-ettermiddag)
I tillegg har ein praksisklinikkar (Outreach) som ein reiser til 3-4 dagar i veka. Her får ein sjå eit mangfald av pasientar, omtrent 5-6 per dag, og ein har alltid ein ansvarleg tannlege som sjekkar arbeidet ditt. Ein gong i månaden reiser ein entan til Inverness eller Aberdeen og er i praksis man-fre.

Vurdering av emnetilbodet

Bra at det er berre praksis og pasientbehandling. Eg fekk gjere ein god del komposittar, glassionomer og rotfyllingar, og mykje periobehandling. Avtakbar protetikk er framleis fystevalet som erstatting av tannluke, det var mykje protesearbeid. Ein gjorde ikkje labarbeidet sjølv. Det var lite fast protetikk. Positivt at eg fekk øvd mykje på vanlege tannekstraksjonar (ikkje-kirurgiske). I praksisklinikkane må ein ta sjølvstendige val og gjere seg opp ei meining om behandlingsplan før ein presenterar for ansvarleg tannlege. Ein får ikkje kontrollere timeboka si sjølv, så i praksisklinikkane behandlar du dei pasientane du får i stolen ut i frå tidligare laga behandlingsplan, eller du gjer undersøking og lagar ny behandlingplan. Det er lite sannsynleg at du ser den pasienten igjen, då det varierar kva praksisklinikkar du er på, og det varierar kortid pasienten kan kome inn.
På tannlegeskulen får du tildelt allmennpasientar, men det kan og dukke opp daghavande pasientar.
Dei brukte mykje av det same materiale og utstyret som vi er vande med i Noreg. Amalgam blir framleis brukt i posteriore oppbyggingar.
Eg har inntrykk av at Universitet i Bergen ligg høgare på kvalitet av utført arbeid og oral helse. Derfor viktig og vere sjølvstendig og hugse på det ein har lært i Bergen, så det ikkje blir slurv.

Fagleg utbyte og språk

Godt utbytte mtp mengdetrening av undersøkingar, komposittfyllingar, ekstraksjonar, avtakbar protetikk, perio og hygieneinstruksjon.
Mindre nøgd med at det var lite fast protetikk, at avtakbar blei prioritert som fysteval pga pris, lite fokus på estetisk arbeid - men det gjorde og at eg vart meir bevisst på at mitt arbeid skulle vise kvalitet.
Språket er lett og lære seg, sjølv om nokre skotske dialektar kan vere vanskeleg å forstå. Bør ha litt bakgrunnskunnskap.

Universitetsområdet og byen

Stor campus der alle fagområde, studentboligar, butikk, utestad og treningssenter er samla. Sentrum er 5 min å gå frå campus.
Dundee er ein liten by med mange mursteinsbygg, eit stort kjøpesenter og handlegater, og mykje og by på at restaurantar og cafear. Det meste er mursteinsbygningar. Ein har alt ein treng, i tillegg er det hyppige togavgongar dersom ein vil reise andre stader. I motsetnad til Bergen er det ein solfyllt by.

Bustad

Studentboligane som erasmusstudentane kan låne er dyre (6-700pund/mnd), men då får ein bu på campus, alt er inkludert, i tillegg til at ein kan bli kjend med andre studentar frå andre fagområde. Boligane er av god kvalitet, og ein delar kjøkken/stove med 5-7 andre.
Eg hadde privat bolig, som var mykje billigare (400pund/mnd) alt inkludert og høg standard. Denne var ikkje på campus.

Sosialt miljø

Ein blir raskt inkludert i tannlegeklassa. Den består av 60stk, men ein blir delt inn i grupper på omtrent 7stk som ein har klinikk saman med. Sidan det er mykje klinikk vert ein raskt kjende, også når ein reiser til outreach er ein mykje ilag. Alle var veldig imøtekomande og ein vart raskt integrert.
Dundee University er kjende for å ha eit breidt tilbod av fritidsklubbar/aktivitetar, innanfor alle sportar og interesser, alt frå kor, musikal og sjakk til fotball, golf og hockey. Her var det også lett å bli kjende med studentar.
Utestaden til University of Dundee er "The Union", som ligg på campus. Den består av 4 etasjar med forskjellige tema, og her var det arrangement omtrent kvar dag, så alltid noko å vere med på.

Haust 2016/Vår 2017 – Integrert master i rettsvitskap

Haust 2016/Vår 2017 – Integrert master i rettsvitskap

01.09.2016 - 30.08.2017

Førebuingar/praktiske tips

Det er ikke så mye som må gjøre på forhånd, men det er litt. Jeg hadde litt problem med at de ga meg en høyere pris enn det som var avtalt med UiB, men dette løste seg og jeg fikk avtalt pris. Jeg fikk heller ikke endelig bekreftelse på at alt var ok før jeg hadde dratt, men dette kom av sykdom på universitet i Dundee, og alt løste seg når jeg kom dit. Universitet maste også en del på meg om visum, og det tok unødvendig lang tid å få de til å forstå at dette var noe jeg ikke tregte. Bolig er også greit å ordne på forhånd, dette kommer jeg tilbake til senere.

Undervisningsformer

Undervisningen foregår i seminar. Jeg var i seminar med alt fra tre til 16 medlemmer. Man har tre fag i semesteret, og hver av disse har ett seminar i uken, dette er på 2-3 timer. Det forventes mer av elevene enn ved UiB mtp forberedelse, og det forventes at man deltar i timen (selv om det varierer litt fra fag til fag hvor mye som kreves). Jeg tok en LLM i miljørett, men det er veldig fritt når det kom til valg av fag, så jeg valgte fag fra litt ulike fakultet. Dette var jeg veldig glad for at jeg fikk muligheten til. Man kan også ta ett fag som avviker fra programmet.

Året er delt inn i tre semestre. Første semester er fra september til desember/januar og her har man tre fag. Neste semester er fra januar til april/mai, her har man også tre fag. Siste semester er fra april/mai til juli/august, og her skriver man masteroppgaven. Det forventes at det jober med masteren fra januar, så litt må man gjøre underveis.

Vurdering av emnetilbodet

Emnetilbudet var veldig bra. Ettersom de åpnet så man kunne ta fag fra andre fakultet, ble det mange fag å velge mellom. Vi kunne også velge fag fra energirett linjen. Det eneste man må være litt obs på er at hvis det ikke er minst 5 elever som er meldt opp til et fag, så kan det hende at faget ikke går. Jeg hadde et fag med kun tre studenter, men det var ikke så populært at professoren valgte å ha det faget. De sa at de ville sørge for at det var nok fag til at man fikk godkjent LLMen også i evt andre land. Det var to fag som ikke gikk når jeg var der, men det var ingen av de jeg ønsket å ta, det var heller ikke pga få påmeldte, men sykdom.

Fagleg utbyte og språk

Jeg er veldig fornøyd med mitt faglige utbytte. Det er stort fokus på læring, og professorene er veldig åpne og ønsker diskusjon og at man kan ta kontakt og spørre om alt mulig. Avhengig av hvilket fakultete man har fag fra så er det litt ulikt hvordan vurderingsmåten er. Jeg hadde ett fah med kun eksamen til jul, mens ett annet hadde presentasjon, eksamen og oppgaveskriving. Jeg synes det var spennende å skrive flere oppgaver også, og ikke bare ha eksamen, det var lærerikt og jeg ble bedre til å skrive, både på norsk og engelsk. Jeg ble også mye tryggere på meg selv, spesielt faglig. Det er også spennende å studere med mennesker som har jobbet som advokater ulike steder med ulik bakgrunn, ettersom det er vanligere å jobbe litt før man tar en LLM.

Dte kan også nevnes at UoD er ranket til det beste universitet i Skottland av både the Guardian og the Times. Spesielt på juss. De slår både Glasgow og Edinburgh.

Jeg var heldig å fikk jobbtilbud i mars, selv om jeg ikke var ferdig før i august. Det var til en jobb jeg hadde veldig lyst på, men trodde ville bli vanskelig å få, og jeg tror LLMen medvirket til det.

Universitetsområdet og byen

Universitetsområde er fint, men litt lite iforhold til eks. Glasgow eller Edinburg. Det er et nyere universitet enn disse andre, så det har ikke like mange store historiske bygninger som de andre har. Men fasilitetene er bra. De drev også å pusser opp biblioteket når jeg var der. Campus ligger samlet, så det er bra.

Byen er litt liten og litt kjedelig, men hvis man jobber litt for det, så blir det bra. Hvordan byen oppleves har også mye med hvem menneskene man møter. Jeg anbefaler sykkel. Det er mange fine steder man kan sykle til som ligger veldig nært byen.

Det er også ganske kort med tog til både Edinburg Glasgow 1-1,5 timer, som begge er veldige fine byer, men litt mer liv og kultur. Det skal sies at det skjer mye i byen, og at dte bygges mye nytt og fint, jeg tror den kan bli mye bedre.

Bustad

Boligene i Dundee er typisk for UK. Dårlig. Jeg fant leilighet via https://www.facebook.com/dusa.housing/ som er en side via studentorganisasjonen hvor man kan legge ut bolig. Et annet alternativ er gumtree.co.uk. Jeg fant en bolig og snakket en del med han jeg skulle bo med på forhånd, han mente han var opptatt av renslighet etc. Det vist seg å ikke stemme. Er vanskelig å vite hvordan leilighetene egentlig ser ut, så hvis man har mulighet er det sikkert lurt å reise over. Mange har 12 mnd kontrakter også, som ikke nødvendigvis er lette å komme ut av hvis man skulle ønske å flytte.

Flere jeg kjente bodde i Old Mill, som er private studentboliger. Disse var også ganske fæle, men de ble pusset opp mens vi var der og ble bedre. Det som er dumt med Old Mill er at de ikke setter sammen mennesker etter alder, slik at man fort kan havne med veldig unge studenter, ned i 17-18 år. Det er et typisk første sted man bor som student. Men det er veldig sosialt.

Det er også mulig å bo gjennom universitete. De har egne boliger til master nivå. Disse er OK, men de fleste var ikke super fornøyd. Det er ganske dyrt, men internett og strøm er inkludert. Dette er også veldig sosialt, og det er lett å bli kjent med nye. Det er små senger, men rommene har egne bad. Man deler ofte stue/kjøkken med 6 andre. Det som er mest negativt med disse er at man kun kan bo der til mai, mens semesteret egentlig holder på til juli/august. Så hvis man bor her er det ikke så lett å bli igjen å jobbe med masteren i Dundee, som jeg vil anbefale.

Boligene er dårlig - så det er lurt å starte tidlig med planleggingen. Jeg kjenner også noen som var heldigere med å bo privat, så det er litt både og. Jeg anbefaler å bo nært universitete.

Sosialt miljø

Det er mye sosialt, og mange ulike studentgrupper man kan bli medlem av, så man kan i stor grad velge selv hvor mye man er med på. De har også en Rucksack club, som arrangerer turer rundt om i Skottland, mest dagsturer, men noen helgeturer. Ellers var surfeklubben og kajakklubben populære. Men de har alle slags klubber.

Det er ikke en veldig stor LLM-gruppe på law school, men det er noen som tar LLM på et annet fakultet (CEPMLP). På selve miljølinja var vi tre som startet i september og tre i januar, så ikke så mange, men man kunne velge fag litt på tvers av linjer, så vi var flere i timene. Men det er lett å komme i kontakt med andre enn de som går LLM også.

Lurt å gå inn for å få venner, for byen blir bedre da.

Flott bygning
Photo:
© University of Dundee

Informasjon