Home
Education
bilateral

LLM

  • CountryUnited Kingdom
  • TownDundee
  • Number of exchange places10
  • Exchange programmeBilateral
  • Exchange duration2 semester

Om lærestaden

About the institution and the city

University of Dundee blei grunnlagt i 1881, og fekk universitetsstatus i 1967. Det har om lag 18 000 studentar og eit breitt fagtilbod fordelt på fire fakultet. Universitetet har fleire tradisjonar gjennom året, blant anna «Gaudie Night» som er den kvelden under velkomstveka når nye studentar får utnemnd fadrar frå høgare kull, og «Raisin weekend», som er helga når dei nye studentane yt gjengjeld til fadrane sine. Hovudcampus ligg i West End i Dundee, like ved elva Tay.

Dundee er den fjerde største byen i Skottland og har om lag 150 000 innbyggarar. I sentrum ligg den 174 meter høge Dundee Law, ein vulkansk plugg frå ein utdøydd vulkan. Byen kallar seg «City of Discovery», til ære for byens vitskapelege oppdagingar, og at skipet «RRS Discovery», som tok oppdagaren Robert Scott til Antarktis, blei bygd i Dundee.

Accommodation

Ein kan søke om studentbustad på hovudcampus i West End. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Dundee.

Semester duration

September - januar og januar - juni.

Flott bygning
Photo:
© University of Dundee

Information