Hjem

Utdanning

erasmus+

Conservatorio Superior de Música Eduardo Martinez Torner og Griegakademiet - Institutt for musikk (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByOviedo
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Conservatorio Superior de Música "Eduardo Martinez Torner" (CONSMUPA) er eit musikkonservatorium med om lag 400 studentar, og eit fagtilbod som primært konsentrerer seg om klassisk musikk. I fagtilbodet finst ein kombinasjon av teoretiske og praktiske emne. Konservatoriet ligg i sentrum av Oviedo.

Oviedo er ein by med rundt 225 000 innbyggarar som ligg i den autonome regionen Asturias, nordvest i Spania. Byen er ein universitetsby, og det administrative sentrum i regionen. Byen har to profesjonelle symfoniorkester, ei eiga operasongforeining og ei aktiv kulturscene også innanfor mange andre felt. Eit anna klart fortrinn ved byen er nærleiken til naturen, med Atlanterhavskysten på ei side og høgreiste fjell på den andre.

Bustad

Konservatoriet har ingen eigne studentbustader, og internasjonale studentar må som utgangspunkt finne bustad på eiga hand. Det er gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Oviedo, om ein er ute i litt god tid.

Semesterinndeling

September - januar/februar og februar - juni.

Flott bygning
Foto:
© Conservatorio Superior de Música "Eduardo Martinez Torner"

Informasjon