Hjem
Utdanning
erasmus+

University of Gdansk og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandPolen
  • ByGdansk
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtala gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i nordisk (nordisk språk og litteratur, norsk som andrespråk og norrøn filologi) og andre studentar som ønsker å ta språklege emne i nordisk når dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram i nordisk vert prioritert i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor i nordisk: Best eigna for utveksling er fjerde, femte eller sjette semester av graden. Ein rår til at studentane tar 200-nivået på utveksling då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivået enn på 100-nivået.

Master i nordisk: andre semester av masterprogrammet.

Studentar på andre program: sjekk med ditt studieprogram i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråk er polsk og engelsk.

Kva emne kan eg ta

Språklege emne.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i ei spesialisering i nordisk ved UiB, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande nordiskemne ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivået. Hugs på at dersom du skal ta 200-nivået på utveksling, må du finne emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng. Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.

Det er ein føresetnad at kursa ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Gdansk blei grunnlagt i 1970, og er eit offentleg breiddeuniversitet med elleve fakultet og om lag 33 000 studentar. Dei åtte campusane er fordelte over Trippelbyen, eit byområde sett saman av byane Gdansk, Gdynia og Sopot. Universitetet er det største i regionen Pomorze, og utgjer eit viktig senter for studiet av språket kasjubisk. Det har òg tette band til havet og fleire marine forskingsstasjonar.

Hamnebyen Gdansk ligg ved Gdanskbukta, nord i Polen, ved munninga av elva Vistula. Byen har om lag ein halv million innbyggarar. Han fekk hard medfart av bombeangrep under andre verdskrig, men særskilt gamlebyen har i ettertid gått gjennom omfattande rekonstruksjon og Gdansk reknast i dag for å vere blant Europas vakraste middelalderbyar. Næringslivet her er i hovudsak sentrert rundt skipsbygging og shipping.

Bustad

Universitetet har studentbustader nær dei ulike fakulteta der internasjonale studentar kan søke om plass. Ein kan òg leige bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - februar og februar - juni.

Flott bygning
Foto/ill.:
© University of Gdansk

Informasjon