Hjem
Studentsider
bilateral

Hochschule Luzern og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (BILATERAL - Lucerne University of Applied Sciences and Arts)

  • LandSveits
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelor- og masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Det er ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men studentane skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet har over 5 800 studentar fordelt på bachelor- og masterprogrammer og er den største utdanningsinstitusjonen i denne regionen av Sveits. Avdeling for musikk er fordelt på fire forskjellige stader alt etter avdeling.

Bustad

Det bør søkast bustad i god tid før du reiser. StuWo tilbyr studentar bustad, og nokon rom er reservert til utvekslingsstudentar. Meir informasjon om bustad i Luzern finn du på nettsidene til lærestaden.

Semesterinndeling

Det akademiske året byrjar i september og varer til juni, og er oppdelt i to semester. Nokre aktivitetar kan starte før og/eller avsluttast etter denne tid.

Informasjon