Hakuoh University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)
- LandJapan
- ByOyama-shi
- AvtaletypeBilateral
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Denne avtalen er meint for studentar som studerer japansk. Hakuoh krev at ein har C-snitt.
Når i studiet kan eg reise
Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du høyrer til for informasjon om dette.
Språk
Dei fleste emna universitetet tilbyr har japansk som undervisningsspråk, så det er ein fordel med gode japanskkunnskapar når ein skal studere ved Hakuoh University.
Kva emne kan eg ta
Hakuoh University passer best for studentar som kan følge med i klassar med japansk undervisningsspråk. Universitetet har tre fakultet: Faculty of Business Administration, Faculty of Law og Faculty of Education. Universitetet tilbyr kun eit fåtal emne på engelsk, der i blant emne innanfor Japanese Culture. Universitetet tilbyr ikkje språkkurs for nybyrjarar.
Ver merksam på at fyrsteårskurs normalt ikkje kan godkjennast. Eit fulltidsstudium ved dette universitetet utgjer15 lokale credits per semester.
Studieavgift
UiB har ein utvekslingsavtale med Hakuoh University som inneber at vi kan få inntil ein friplass kvart år, forutsett at dei også sender studentar til oss.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Hakuoh University ligg i byen Oyama, 75 km nord for Tokyo. Universitetet blei grunnlagt i 1974 og er eit anerkjent privat universitet med førelesarar som held eit fagleg høgt nivå. Universitetet har rundt 4 000 studentar og av desse er berre 60-80 frå utlandet, så det internasjonale miljøet er dermed mindre enn ved mange andre universitet i Japan.
Byen Oyama ligg i Tochigi-ken, om lag 1,5 timar med tog frå Tokyo, og har rundt 13 000 innbyggarar.
Bustad
Universitetet har studentbustader det går an å søke på. Utvekslingsstudentar får vanlegvis tilbod om studentbustad gjennom universitetet.
Semesterinndeling
Semestera følger det japanske studieåret. Studieåret startar i april, og vårsemesteret går frå april til august, medan haustsemesteret går frå september til februar.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://hakuoh.jp/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i SøknadswebIkkje søkbar
- FagnavnAlle fag