Hjem
Utdanning
erasmus+

University of Warsaw og Institutt for økonomi (ERASMUS+)

  • LandPolen
  • ByWarszawa
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på både bachelor- og masternivå. Avtalen gjeld først og fremst for studentar ved Institutt for økonomi, men andre studentar kan også søke.

Når i studiet kan eg reise

Studentane må ha fullført 60 studiepoeng før avreise. Studentar ved bachelorprogrammet i samfunnsøkonomi vert råda til å dra på utveksling etter at dei har bestått 3. semester. Studentar ved profesjonsstudiet i samfunnsøkonomi og bachelorprogrammet i politisk økonomi vert råda til å ta utvekslinga i 4. semester.

Masterstudentar vert råda til å reise i sitt andre semester, der ein tar valemne på masternivå i samfunnsøkonomi.

Språk

Undervisningsspråk er polsk og engelsk. Universitetet tilbyr også enkelte kurs på fransk for innreisande studentar.

Kva emne kan eg ta

Lærestaden tilbyr eit breitt utval kurs for utvekslingsstudentar. Informasjon om utvekslinga og kurstilbod finn du på deira heimeside: http://www.bwz.uw.edu.pl/en/?page_id=1280

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet blei grunnlagt i 1816, og er det største universitetet i Polen med rundt 57 000 studentar. I likskap med det meste av byen blei universitetet bomba til småstein under krigen, men det blei bygd opp att som ein tru kopi av det gamle universitetet i ettertid. Universitetet har ein brei fagleg profil, eit godt fagtilbod på engelsk, og tilbyr òg somme emne på fransk. Det har tre campusområde i ulike delar av Warszawa. Hovudcampusen ligg i sentrum av byen.

Warszawa er hovudstad i Polen og landets største by, med i underkant av to millionar innbyggarar. Av desse er 300 000 studentar. Byen ligg på begge sider av elva Wisla, på den masoviske sletta 78-121 moh. i det polske innlandet. Warszawa er eit viktig økonomisk knutepunkt i Aust-Europa. Opp gjennom historia har han blitt hardt råka av mange krigar, og han vart nesten totaløydelagd under andre verdskrig. Men ettersom han alltid har reist seg att, har byen fått tilnamnet Føniksbyen.

Bustad

Universitetet sitt internasjonale kontor har nokre studentbustader til disposisjon for utvekslingsstudentar. Det er i hovudsak snakk om dobbelrom som ein deler med ein annan student. Kapasiteten er avgrensa og tildeling skjer etter «førstemann til mølla»-prinsippet, så det lønner seg å søke tidleg.

Semesterinndeling

Oktober - februar og februar - juni.

Oversikt over byen
Foto/ill.:
© University of Warsaw

Informasjon