Hjem
Utdanning
erasmus+

Università degli Studi di Pavia og Matematisk institutt (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByPavia
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Bachelor- og masterstudentar kan reise på denne avtalen.

Avtalen er open for bachelor- og masterstudentar. Studentar ved Matematisk institutt og lektorstudentar med matematikk som fag blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Studentar skal ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Det er normalt eit krav om minst C i gjennomsnittskarakter.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved Matematisk institutt: Det er mogeleg å reise ut 4.,5. eller 6. semester. Det er eit krav at du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før avreise.

Masterstudentar ved Matematisk institutt: Det er i utgangspunktet inga avgrensing for når i studieløpet du kan gjennomføre utveksling. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om når du bør reise.

Lektorstudentar: Ta kontakt med studierettleiaren din for informasjon og råd om utveksling. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Universitetet har nokre emne som det blir undervist i på engelsk, men undervisingsspråket er hovudsakleg italiensk.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Unversitetet tilbyr språkkurs for Erasmus-studentar. Her finn du informasjon om desse kursa: http://cla.unipv.it/?page_id=171

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det også fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem.

Kva emne kan eg ta

Her ei oversikt over emnetilbodet ved universitetet: http://www.unipv.eu/site/en/home/international-students/study-at-the-university-of-pavia/courses-taught-in-english.html

Matematisk institutt anbefaler at studentar diskuterer emneval med studiekonsulent og/eller med rettleiar eller ein annan vitskapleg tilsett.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Università degli Studi di Pavia blei grunnlagt i 1361, men har røter tilbake til eit jusstudium som hadde oppstart i år 825. Universitetet har i alt 23 000 studentar og eit breitt fagtilbod. Dei ni fakulteta er fordelte på tre campusar i byane Pavia, Cremona og Mantova, som alle ligg i regionen Lombardia. Fleire kjende akademikarar har band til dette universitetet. Blant dei er oppfinnaren av batteriet, Alessandro Volta, og matematikaren Girolamo Cardano, som på 1500-talet publiserte viktige funn innan algebra og sannsynsrekning.

Pavia er ein liten by med rundt 75 000 innbyggarar som ligg nord i Italia, om lag 35 kilometer sør for Milano. Han var opphavleg grunnlagd av romarane som ein militærgarnison. I dag er universitetet ein viktig hjørnestein for byen.

Bustad

Ein kan søkje om studentbustad gjennom universitetet sitt internasjonale kontor eller leige bustad på den private markanden.

Semesterinndeling

Oktober - februar og mars - juni.

Informasjon