Hjem
Studentsider
erasmus+

Avignon Université og Institutt for geografi (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByAvignon
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelor- og masterprogramma i geografi. Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter geografistudentane. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For bachelorstudentar tilrår vi utveksling i 4. og/eller 5. semester, når du kan ta frie studiepoeng.

Kva emne kan eg ta

Forskarar ved Département Géographie studerer tema som geofare, transport og mobilitet, geografiske verktøy (GIS, geosimulasjon), bystudium og romleg planlegging.

For geografistudentar tilbyr dei ein pakke med emne for utvekslingsstudentar på denne avtalen i haustsemesteret:

  • An increasingly Mobile World (4 ECTS)
  • The Global Environment facing the Anthropocene (3 ECTS)
  • Land planning Policies in France (4 ECTS)
  • Globalisation: a (de)regulated world (4 ECTS)
  • Natural and technological risks (4 ECTS)
  • Water, Vegetation and Biodiversity (4 ECTS)
  • Population Dynamics and Urbanisation (4 ECTS)
  • Geographic Databases (level 1) (3 ECTS), Master
  • Geographic Databases (level 2) (4 ECTS), Master
  • Geographic Information Systems (level 1) (4 ECTS), Master
  • Geographic Information Systems (level 2) (4 ECTS), Master

Emna blir undervist på fransk med støtte på engelsk (English friedly courses). Det betyr at innhald blir gjort tilgjengeleg på engelsk og utvesklingsstudentar kan stille spørsmål på engelsk, halde presentasjonar på engelks og levere eksamen og innleveringar på engelsk.

Utvesklingsstudentar kan også ta emne innan andre fagfelt. Her er det også mange English Friendly courses: https://formations.univ-avignon.fr/english-friendly/

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université d'Avignon er eit offentleg breiddeuniversitet med forsking og utdanning innan fire overordna emneområde: Humaniora og samfunnsvitskap, språk og litteratur, teknologi og naturvitskap og Juss, leiing og økonomi. Desse fire områda er igjen delt inn i 14 faglege avdelingar. Universitetet har 8000 studentar.

Avignon ligg søraust i Frankrike, ved breidda av elva Rhône, 80 kilometer frå middelhavskysten og midt mellom Alpane og Pyreneane. Storbyområdet har om lag 300 000 innbyggarar, men berre ein tredjedel bur i sentrumsområdet. Avignon er kjend for den internasjonale teaterfestivalen som kvart år i juli trekk tusenvis av besøkande til byen.

Bustad

Universitetet har fleire studentbustader på campus og i sentrumsområdet der internasjonale studentar kan søke om bustad. Dei samarbeider med den lokale studentsamskipnaden CROUS. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad til bustad gjennom Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Informasjon