Hjem
Utdanning
erasmus+

Cardinal Stefan Wyszynski University in Warsaw og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandPolen
  • ByWarszawa
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket ved vertsuniversitetet er polsk, men det finst òg eit avgrensa emnetilbod på engelsk.

Universitetet tilbyr språkkurs i polsk for internasjonale studentar.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. På universitetet sine nettsider finn du lenke til ei oversikt over juridiske emne som universitetet tilbyr.

Cardinal Stefan Wyszynski University nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Cardinal Stefan Wyszynski University er eit statleg universitetet nord i Warszawa, som vart grunnlagt i 1999. Det har historisk sterke band til den romersk-katolske kyrkja og vektlegg særskilt studium i teologi, kanonisk rett og kristen filosofi. Det har likevel òg eit stort fagtilbod som ikkje er knytt til religion. Universitetet har 19 000 studentar og ni fakultet, fordelte på to campusar.

Warszawa er hovudstad i Polen og landets største by, med i underkant av to millionar innbyggarar. Av desse er rundt 300 000 studentar. Byen ligg på begge sider av elva Wisla, på den masoviske sletta 78-121 moh. i det polske innlandet. Warszawa er eit viktig økonomisk knutepunkt i Aust-Europa. Opp gjennom historia har han blitt hardt råka av mange krigar, og han vart nesten totaløydelagd under andre verdskrig. Men ettersom han alltid har reist seg att, har byen fått tilnamnet Føniksbyen.

Bustad

Universitetet har eigne studentbustader og hjelper internasjonale studentar med å finne rom.

Semesterinndeling

September - februar og februar - juni.

Studentar på campus
Foto:
© Cardinal Stefan Wyszynski University in Warsaw

Informasjon