Hjem
Utdanning
erasmus+

University of Lódz og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandPolen
  • ByLódz
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket ved vertsuniversitetet er i hovudsak polsk, men universitetet tilbyr òg nokre emne på engelsk.

Universitetet tilbyr språkkurs i polsk for internasjonale studentar.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. På universitetet sine nettsider finn du lenke til ei oversikt over juridiske emne som universitetet tilbyr.

University of Lódz nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Lodz er eit offentleg universitet, grunnlagt i 1945. Det har over 47 000 studentar, fordelte på 12 fakultet. Universitetsbiblioteket er eit av dei største i Sentral-Europa. Universitetet har over 120 ulike foreiningar, vitskapelege klubbar, og andre akademiske organisasjonar som studentane kan engasjere seg i.

Lodz ligg sentralt i Polen, 125 kilometer sørvest for hovudstaden Warszawa. Byen er den tredje største i landet og var mellombels hovudstad i perioden då Warszawa måtte byggast opp att etter andre verdskrig. Byen er kjent for rikt kulturliv og husar blant anna både ein filmmusikkfestival og ein teikneseriefestival kvart år. Byen er kjent som sentrum for polsk filmindustri.

Bustad

Universitetet har studentbustader på campus kort utanfor sentrum, i området kalla Lumumbowo.

Semesterinndeling

Oktober - januar og februar - juni.

Bygg på campus
Photo:
© University of Lódz

Informasjon