Hjem
Utdanning
erasmus+

Slovak University of Technology in Bratislava og Institutt for informatikk (ERASMUS+)

  • LandSlovakia
  • ByBratislava
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Alle studentar ved UiB kan søke, men studentar tilknytta Institutt for informatikk vil ha førsteprioritet dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar. Det er eit krav at du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorprogramma ved Institutt for informatikk tilrettelegg for at studentar kan dra på utveksling i 6. semester, men det er og mogleg å dra tidlegare i studieløpet.

Språk

Slovak University of Technology tilbyr emne både på engelsk og slovakisk.

Kva emne kan eg ta

Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Slovak University of Technology in Bratislava blei grunnlagt i 1937, og har i dag rundt 18 000 studentar. Det er eit offentleg polyteknisk universitet med i alt sju fakultet og eit breitt fagtilbod innanfor blant anna ingeniørfag, teknologi, informatikk, mekanikk, materialvitskap og arkitektur. Her finst òg eit eige fakultet for kjemisk og matrelatert teknologi. Universitetsbygningane ligg ulike stader i byen.

Bratislava er hovudstaden i Slovakia med rundt ein halv million innbyggarar. Byen ligg heilt lengst vest i landet, rett ved grensa til Austerrike, og er prega av å vere ein kulturell smeltedigel mellom fleire etniske grupper. Bratislava er eit godt utgangspunkt både for naturopplevingar og meir urbane fritidssyslar.

Bustad

Det finst fleire studentbustader i Bratislava. Dei fleste av dei ligg innan gangavstand frå campusområdet eller inne i bykjernen. Universitetet har koordinatorar som hjelper internasjonale studentar med å finne bustad.

Semesterinndeling

September - februar og februar - juni.

Informasjon