Hjem
Utdanning
erasmus+

Université de La Rochelle og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByLa Rochelle
  • Studieplassar3
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er fransk, og ein må derfor ha gode franskkunnskapar.

Informasjon om fransk språkkurs finn du på denne nettsida.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. På nettsida til universitetet finn du oversikt over kva emne ein kan ta som Erasmus-student. Erasmus-studentar kan velje blant emne på bachelornivå og nokre emne på masternivå.

Universitetet nyttar ECTS-systemet, der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université de La Rochelle blei grunnlagt i 1993, og er dermed eit av Frankrikes yngste universitet. Det har om lag 10 000 studentar, og fokuserer i hovudsak på humanistiske og juridiske fag, i tillegg til somme tekniske og naturvitskaplege emne. Campusen ligg om lag 10 minutts gange frå sentrum.

La Rochelle er ein liten hamneby i Biscayabukta, om lag midt på den franske vestkysten. Byen sitt sentrum er den gamle hamna, Vieux Port. Byen har rundt 80 000 innbyggarar, høg levestandard, sterkt fokus på klimavenlege fellesskapsløysingar og svært mange kultur- og sportstilbod. La Rochelle husar fleire filmfestivalar og den store musikkfestivalen FrancoFolies kvart år.

Bustad

Universitetet disponerer et avgrensa tal studentbustader for internasjonale studentar, men prioriterer søkarar utanfrå Europa. ERASMUS-studentar får plass så langt kapasiteten rekk. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i La Rochelle. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semesterinndeling

September - januar og januar - mai/juni.

Informasjon