Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Mozarteum Salzburg og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+)

  • LandØsterrike
  • BySalzburg
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelor- og masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå: https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at bachelorstudentane reiser ut heile studieåret, altså både i haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Mozarteum Universty er eit av verdas mest anerkjente universitet for musikk og kunst. Salzburg Cathedral Music Society og Mozarteum blei grunnlagt på 50- årsdagen for Wolfgang Amadeus Mozarts død. Opprinneleg var musikkskulen meint å fostre neste generasjon musikarar som skulle tene ved Salzburg-katedralen. Over tid kom så framtredande skikkelsar som Carl Orff og Nikolaus Harnoncourt til å sette sitt eige preg på Mozarteum. I 1988 fikk den tidlegare musikkskulen universitetsstatus. Mozarteum University tilbyr studieprogram i musikk, visuell kunst og scenekunst. Lærestaden har ca. 1500 studentar som kan velge mellom meir enn 40 ulike kunstnariske og pedagogiske studieprogram.

Salzburg ligg ved grensa mot Tyskland, nord i Austerrike og er den største byen i regionen med same namn. Han har om lag 150 000 innbyggarar og er best kjent som fødebyen til den kjente komponisten Wolfgang Mozart. Byen ligg ved foten av Alpane, og er prega av eit alpint innlandsklima, med relativt varme somrar og kalde vintrar. Musikalen The Sound of Music var spelt inn i Salzburg.

Bustad

Lærestaden har ingen studentbustadar, så ein må belage seg på å finne bustad på eiga hand.

Semesterinndeling

oktober - februar

mars - juni

Informasjon