Hjem
Utdanning
bilateral

China Foreign Affairs University og Det juridiske fakultet (BILATERAL)

  • LandKina
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar som går på masterstudiet i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår. For å kvalifisere til studium ved China Foreign Affairs University må ein ha eit karaktersnitt på C eller betre.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtalar er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er kinesisk. For å studere ved China Foreign Affairs University er det derfor naudsynt at du kan kinesisk.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap ved UiB. Du vel blant emna som dei kinesiske studentane tar som del av sin juridiske grad. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Studentar som reiser gjennom denne avtalen betaler ikkje skolepengar eller studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

China Foreign Affairs University blei etablert i 1955, og ligg under Kinas utanriksdepartement. Universitetet er Kinas diplomatskole og utdannar Kinas diplomatar. China Foreign Affairs University har omlag 2000 studentar og er fordelte på ein ny og ein eldre campus. Den gamle, Zhanlan Road Campus, ligg i sentrum av Beijing, sju kilometer frå Den himmelske freds plass, medan den nyare Shahe Campus, ligg i Changpingdistriktet.

Beijing har om lag 20 millionar innbyggarar og er Kinas politiske og kulturelle sentrum. I Beijing kan du besøke ei rekke viktige kulturminne. Mest kjende er Den himmelske freds plass, Den forbudte by og Sommarpalasset. Like utanfor Beijing kan du besøke Den kinesiske mur.

Bustad

Universitetet tilbyr bustader på campus for internasjonale studentar. Stort sett er det snakk om to- eller tremannsrom.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Bilete av campus
Photo:
© China Foreign Affairs University

Informasjon