Hjem
Studentsider
nordplus

Savonia University of Applied Sciences og Griegakademiet - Institutt for musikk (NORDPLUS - Sibelius)

  • LandFinland
  • ByKuopio
  • AvtaletypeNordplus
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Det er ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men studentane skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute. Det er mogleg å søke stipend gjennom nettverket.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Savonia University of Applied Sciences er eit av dei større universiteta i Finland med omkring 6000 studentar. Universitetet har campus i Kuopio, Iisalmi og Varkaus, der Kuopio er det største. Universitetet har eit Open ivvovation space (OIS)-tankesett som kombinerer læring, utvikling, forsking og undervisning i eit arbeidslivsorientert miljø. Savonia tilbyr rundt 30 bachelorprogram og ni masterprogram, blant anna innanfor studieretninga business, kultur, helsefag og ingeniør.

Kuopio er ein finsk by og kommune som ligg i regionen Nord-Savonia. Byen har ein befolkning på rundt 120 000. Kuopio er kjent som ein av de viktigaste studiebyene og senteret for attraksjon og vekst. Byen befinner seg mellom to store innsjøar i Finlands Lakeland-område. Kuopio er spesielt kjent som heimstad for Kalakukko, ein tradisjonell fiskerett frå Savonia. Kvar juli blir verdsmeisterskapen i konebering arrangert i Kuopio.

Informasjon