University of Tartu og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (NORDPLUS - Nordpuls)
- LandEstland
- ByTartu
- AvtaletypeNordplus
- Lengde på opphald1-2 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Studentar på bachelor- og masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå: https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk
Når i studiet kan eg reise
Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.
Språk
Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.
Kva emne kan eg ta
Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Det er ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men studentane skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute. Det er mogleg å søke stipend gjennom nettverket.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
University of Tartu blei grunnlagt av Kong Gustavus Adophus i 1632, medan Estland stadig var ein del av Sverige. Då Estland blei sjølvstendig i 1918, blei University of Tartu det første til å gi undervising på estisk året etter. I dag finst det òg eit relativt stort engelskspråkleg fagtilbod. Med 18 000 studentar er dette ikkje berre den eldste, men òg den største institusjonen for høgare utdanning i landet. Universitetet har ein 200 år gamal botanisk hage, fleire idrettsanlegg og driftar fire museum.
Med om lag 105 000 innbyggarar, er Tartu den nest største byen i Estland. Han ligg Studentane set eit tydeleg preg på byen. Det blir blant anna arrangert studentfestivalar både om våren og hausten, og to gongar i året går studentane i tog gjennom byen med lykter og faner.
Bustad
Universitetet samarbeider med samskipnaden Tartu Student Village om å tilby bustadar for internasjonale studentar. Det er stort sett snakk om delte rom, for to eller felire studentar. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Tartu.
Semesterinndeling
September - februar og februar - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.ut.ee
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb8195
- FagnavnMusikk