Hjem

Utdanning

erasmus+

École Supérieure Musique et Danse Hauts-de-France - Lille og Griegakademiet - Institutt for musikk (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar som går på Bachelorprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet - Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emne som erstattar hovudinstrument (25 studiepoeng) og utøvande støttedisiplin (5 studiepoeng). Vidare kan du ta 30 frie studiepoeng, og få desse innpassa i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Pôle Supérieur d'Enseignements er ein utdanningsinstutisjon for musikk og dans i Lille. Namnet har fleire kortformer, blant dei skulen sjølve nyttar er Le Pôle Sup Norpa, Pôle Sup' og L'apPSEA. Sisstnemnde akronym står eigentleg for den lengste versjonen av namnet: Association de préfiguration du Pôle d'enseignements artistiques Nord Pas-de-Calais.

Lille ligg heilt nord i Frankrike, ved grensa til Belgia, og er hovudstad i regionen Nord-Pas de Calais. Her bur 226 000 innbyggarar, og heile 110 000 studentar. Lille var fødebyen til Charles de Gaulle, og var den første byen i verda som fekk førarlaus t-bane.

Bustad

Universitetet har ikkje eigne studentbustader, men ein kan få hjelp til å finne bustad via studentvelferdsforeininga CROUS.

Semesterinndeling

Sjå informasjon på lærestaden sine nettsider for informasjon om semesterinndeling.

Konsertsal
Foto:
© Pôle Supérior d'Enseignements Artistiques

Informasjon