Hjem
Utdanning
bilateral

Université du Québec à Montréal og Institutt for fremmedspråk (BILATERAL)

  • LandCanada
  • ByMontréal
  • Studieplassar3
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelorprogrammet i fransk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor fransk språk, litteratur og kultur. Du skal ha tatt minimum 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling.

Studentar på bachelorprogram i fransk blir prioritert i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Søknadsfristane direkte til UQAM er:
1. april for påfølgjande haust og vårsemester
15. september før påfølgjande vårsemester*

* Dersom du planlegg å reise til UQAM eit vårsemester (med søknadsfrist 15. septemeber) er det viktig at du tar kontakt med studieveileder@if.uib.no så snart du har bestemt deg for at du vil søkje om utveksling til UQAM. Du vil då bli kontakta av studierettleiar som vil hjelpe deg med søknadsprosessen opp mot UQAM. Sidan søknadsfristen til UQAM kjem så tett oppunder UiB sin søknadsfrist om utveksling, er det viktig å vere tidleg ute.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i fransk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestera av bachelorprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket er fransk.

Dersom du ikkje har nok franskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå uib.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå vertsuniversitetet sine nettsider for informasjon om kva kurstilbod som finst for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Studentar som ønsker å ta emne innanfor både fransk språk og litteratur må på førehand ta kontakt med Institutt for framandspråk.

FRANPRAX
Det er mogleg for studentar som skal på utveksling til UQAM å ta emnet FRANPRAX - Praksis i bokindustrien. Emnet er på 5 studiepoeng og gjev praksiserfaring. Du må søke til Insitutt for framandspråk for å ta dette emnet. Meir informasjon finn du i emneomtalen for FRANPRAX, eller ved å kontakte studieveileder@if.uib.no.

Studieavgift

Lånekassa kan gje skolepengestøtte til studieavgifta ved dette universitetet.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université du Québec à Montréal (UQAM) er eit urbant universitet som ligg i sentrum av Montreal. Universitetet har i alt sju fakultet som dekker alle dei klassiske universitetsdisiplinane. UQAM er eit offentleg, fransktalande universitet med i overkant av 44 000 studentar. Kvart år tek universitetet imot i overkant av 3 500 internasjonale studentar.

Montreal ligg i den kanadiske provinsen Quebec. Med sine tre og ein halv million innbyggarar er Montreal den nest største franskspråklege byen i verda, etter Paris, og samstundes den tredje største engelskspråklege byen i Canada. Montreal er ein storby med internasjonal atmosfære. Sidan Montreal ligg langt frå havet har byen eit typisk innlandsklima, med store temperatursvingningar. Somrane er varme og fuktige, med ein gjennomsnittstemperatur på 25°, og varer fra juni til september. Vintrane er kalde, med ein gjennomsnittstemperatur på -10° (variasjonar mellom -30° og 0°), og med snø som gjerne ligg i 12-13 veker.

Bustad

UQAM har ikkje studentbustadar. Universitetet sitt internasjonale kontor hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad.

Semesterinndeling

September til januar og februar til juni.

Informasjon