Hjem
Studentsider
bilateral

Hokkaido University og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandJapan
  • BySapporo-shi
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er open for alle UiB-studentar. Ein må ha studert i to år ved heimeinstitusjonen og ha minst C-snitt for å bli vurdert for opptak. Det er likevel slik at ein ikkje er garantert plass dersom ein vert nominert av UiB, då Hokkaido føretek ein samla gjennomgang av alle søknadar og rangerer studentane mot kvarandre.

Avtalen vert berre lyst ut ved 1. september-fristen.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du høyrer til for informasjon om dette. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta emne som frie studiepoeng.

Språk

Universitetet tilbyr kurs både på japansk og engelsk. UiB kan skrive ut dokumentasjon på at engelskkunnskapane er gode nok dersom ein kan vise til karakteren 4 eller betre i engelsk frå videregåande skule.

Kva emne kan eg ta

Hokkaido University tilbyr utveksling innanfor ulike fagområde og vil vere eit godt tilbod spesielt for studentar innan fagområde som kultur og samfunn, miljø og klima, naturvitskap og teknologi. Universitetet er spesielt kjent for forsking og undervisning innanfor naturvitskaplege fag og har, i likskap med UiB, forsking og studiar relatert til Arktis og polarområda.

Studieavgift

UiB har ein utvekslingsavtale med Hokkaido University som inneber at vi kan få 1-2 friplassar (plassar utan skulepengar) kvart år, forutsett at dei også sender studentar til oss.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Hokkaido University er eit internasjonalt universitet med lang tradisjon innanfor forsking og undervisning. Universitetet blei grunnlagt i 1876 og har i dag 18 000 studentar, der iblant mange internasjonale studentar, frå til saman 85 land. Hokkaido University er eit av dei eldste, største og mest prestisjefulle universiteta i Japan.

Hokkaido University ligg i Sapporo på øya Hokkaido. Hokkaido er den nordlegaste og nest største av Japan sine fire hovudøyar. Sapporo er den administrative hovudstaden på øya og er med sine 1,6 millionar innbyggarar den femte største byen i Japan. Byen er kjent for sitt yrande kulturliv og den internasjonale snøfestivalen som blir arrangert her kvart år i februar.

Bustad

Universitetet hjelper innreisande internasjonale studentar med å finne bustad på eller ved campus.

Semesterinndeling

Semesterinndelinga følger det japanske studieåret. Studieåret startar i april, og vårsemesteret går frå april til august, medan haustsemesteret går frå september til februar.

Informasjon