Hjem
Studentsider
erasmus+

Academy of Music 'Karol Szymanowski', Katowice og Griegakademiet ¿ Institutt for musikk (ERASMUS+)

  • LandPolen
  • ByKatowice
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på bachelor- og masterprogram i utøvande musikk eller komposisjon ved Griegakademiet, Institutt for musikk. For meir informasjon, sjå https://www.uib.no/kmd/111762/reise-p%C3%A5-utveksling#griegakademiet-institutt-for-musikk

Når i studiet kan eg reise

Det passar best å reise på utveksling i 3. studieår av bachelorprogrammet. Vi tilrår at studentane reiser ut for heile studieåret, altså både for haust- og vårsemesteret.

Språk

Sjå lærestaden sine heimesider for informasjon om undervisningsspråk.

Kva emne kan eg ta

Utøvande emner som erstattar hovedinstrument (25 stp) og utøvande støttedisiplin (5 stp) og 30 frie studiepoeng som inngår i graden som valemne.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Karol Szymanowskiego Academy of Music blei grunnlagt i 1929, og ligg sør i Polen, i industribyen Katowice. Szymanowskiego er ein av dei mest kjende polske komponistane frå 1900-talet. Musikkakademiet sitt utdanningstilbod er delt i to hovudgreiner: "Vokal-instrumental" og "Komposisjon, tolking, utdanning og jazz". Akademiet har fleire orkester og kor, og arrangerer både nasjonale og internasjonale konsertar og festivalar kvart år.

Katowice er hovudstaden i fylket Slaskie, og har rundt 300 000 innbyggarar. Byen er eit viktig sentrum for polsk kol- og stålindustri. Her finn ein òg det einaste fallskjermtårnet i Polen, bygd i mellomkrigstida for å trene opp fallskjermhopparar til det polske forsvaret.

Bustad

Utvekslingsstudentar kan søke om plass på universitetet sine studentbustader, som ligg knapt 700 meter unna musikkakademiet.

Semesterinndeling

Oktober - januar og februar - juni.

Bilete av campus
Foto/ill.:
© Karol Szymanowski Academy of Music

Informasjon