Hjem
Utdanning
erasmus+

Riga Graduate School of Law og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandLatvia
  • ByRiga
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

På masterstudiet i rettsvitskap kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "kven kan søke" finn du informasjon om korvidt du må vere ferdig med fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som vert godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Riga Graduate School of Law er særleg sterke innan menneskerettar, juridisk lingvistikk og internasjonal rett. På nettsida til universitetet finn du lenke til oversikt over kva emne ein kan ta som Erasmusstudent.

Universitetet nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Riga Graduate School of Law (RGSL) er ein privat utdanningsinstitusjon, grunnlagt i 1998, som eit samarbeid mellom latviske og svenske myndigheiter og Soros Foundation i Latvia. RGSL tilbyr forskingsbasert utdanning på høgt nivå, der ein kan forvente å få undervisning både av lokale krefter, men også i nokre tilfelle av besøkande professorar og førelesarar frå Europa og USA. Campusen ligg i bydelen Alberta iela i Riga, og det noverande hovudbygget vart opna av kronprinsesse Victoria av Sverige og Latvias president i 2001.

Riga er hovudstad i Latvia, og i likskap med Bergen, ein tidlegare Hansaby. Byen har rundt 700 000 innbyggarar og ligg på ei sandslette mellom ein og ti meter over havet, ved Rigabukta, om lag midt i landet. Etter sovjettida har norske næringslivsaktørar vist iver etter å etablere seg i byen, og franchisekjeder som Narvesen, Rema 1000, Cubus og Dressmann er synlege i bybiletet.

Bustad

RGSL vil sende forslag om bustad til studentar som får opptak.

Semesterinndeling

For Interdisciplinary undergraduate:

Haustsemester: byrjinga av september til slutten av januar
Vårsemester: slutten av januar til slutten av mai

Informasjon