Hjem
Utdanning
erasmus+

University of Rijeka og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandKroatia
  • ByRijeka
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

I Master i rettsvitskap-studiet kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "kven kan søke" finn du informasjon om korvidt du må vere ferdig med fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er i hovudsak kroatisk, men universitetet tilbyr óg ulike kurs som blir undervist på engelsk. Det er altså ikkje nødvendig å kunne kroatisk for å utveksle til University of Rijeka.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som vert godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Her finn du oversikt over emna som blir undervist på engelsk.

University of Rijeka nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Røtene til dette universitetet strekk seg tilbake til 1627, då den fyrste skulen innan høgare utdanning vart etablert i Rijeka. Universitetet, slik det framstår i dag, blei grunnlagt 17. mai 1973 og består av ni fakultet og eitt kunstakademi. Universitetet har eit breitt tilbod innan dei fleste fagområde.

Rijeka er med sine om lag 130 000 innbyggarar den tredje største byen i Kroatia. Den ligg ved i Kvarnerbukta ved Adriaterhavet, nord i landet, og er den viktigaste hamnebyen i landet. Naturen kring byen er kontrastfull ¿ frå stranda nær byen og til dei vakre fjella litt lenger inn i landet. Klimaet er behageleg, med varme somrar og relativt milde vintrar.

Bustad

Det skal vere mogleg å få plass på studentheim som Erasmus-student. Internasjonalt kontor ved University of Rijeka kan elles bidra med råd og tips i bustadjakta.

Semesterinndeling

Vintersemester: byrjinga av oktober til slutten av januar.
Sommarsemester: byrjinga av mars til slutten av juni.

Informasjon