Hjem
Utdanning
erasmus+

Università degli Studi di Salerno og Matematisk institutt (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByFisciano
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er open for bachelor- og masterstudentar. Studentar ved Matematisk institutt og lektorstudentar med matematikk som fag blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Studentar skal ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Det er normalt eit krav om minst C i gjennomsnittskarakter.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar ved Matematisk institutt: Det er mogeleg å reise ut i 4.,5. eller 6. semester av studiet. Masterstudentar ved Matematisk institutt: Det er i utgangspunktet inga avgrensing for når i studieløpet du kan gjennomføre utveksling. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om når du bør reise.

Masterstudentar ved Matematisk institutt: Det er i utgangspunktet inga avgrensing for når i studieløpet du kan gjennomføre utveksling. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om når du bør reise.

Lektorstudentar: Ta kontakt med studierettleiaren din for informasjon og råd om utveksling. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Denne avtalen opnar opp for at ein kan reise på utveksling både haust og vår.

Språk

Undervisingsspråket ved universitetet er italiensk. Det er anbefalt at utvekslingsstudentar har forkunnskapar i italiensk tilsvarande nivå A2 etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse. Informasjon om språkkrav: http://www.uib.no/utdanning/48993/utveksling-i-europa-gjennom-erasmus#spr-kkunnskapar

Universitetet tilbyr gratis kurs i italiensk for utanlandske studentar. Meir informasjon om dette tilbodet finn du her: http://www.international.unisa.it/cli/corsi. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det også fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem.

Kva emne kan eg ta

Matematisk institutt anbefaler at du diskuterer kva emne du skal ta med studierettleiar og/eller rettleiar eller annan vitskapleg tilsett før du søker om førehandsgodkjenning.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Informasjon om kurs finn du her: www.didattica.unisa.it

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet i Salerno er blant dei eldste universiteta i Europa, og blant dei største i Sør-Italia med 43 000 studentar fordelte på ti fakultet. Sidan 1988 har universitetet hatt hovudcampus i landsbyen Fisciano i Irnodalen, nokre kilometer frå Salerno. Bygningane er moderne og her kan studentane både studere, bu og nytte dei store boksamingane. Universitetet blei statleg i 1968, men har særs lange tradisjonar. Schola Medica Salernitana (The Salerno School of Medicine) blei grunnlagd på 700-talet og var den leiande institusjonen innafor medisinsk forsking i Europa fram til etter middelalderen. Under Napoleon blei universitetet stengt i 1811, men det gjenopna i 1944, og har ekspandert sidan.

Salerno er den viktigaste byen på Amalfikysten. Det har vore busetnader i området sidan oldtida og i dag er Salerno ein livleg hamneby med 145 000 innbyggarar. Byen har ein flott historisk gamleby, men er samstundes ein urban by med ein imponerande hamnepromenade og vakre strender i nærleiken.

Bustad

Ein kan søke om studentbustad om ein skal vere eit heilt år, men det er vanleg å finne leilegheit på den private marknaden.

Semesterinndeling

Semesteret startar til ulike tider avhengig av fakultet: Somme fakultet har inndelinga september - desember og februar - mai, medan andre fakultet har inndelinga oktober - januar og mars - juni.

Informasjon