Hjem
Studentsider
bilateral

Kobe University og Det humanistiske fakultet (BILATERAL)

  • LandJapan
  • ByKobe-shi
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Denne avtalen er meint for studentar som studerer japansk. Kobe University vil som regel kreve at studentane har minimum karakteren C i snitt for å gi dei opptak.

Når i studiet kan eg reise

For studentar på bachelorprogrammet i japansk er utvekslingsopphaldet lagt opp slik:

4. semester (vår, utreise i siste del av mars), 10 frie studiepoeng

5. semester (haust), 30 frie studiepoeng

6. semester (vår), 20 frie studiepoeng

Ta kontakt med studierettleiaren ved instituttet/fakultetet du høyrer til for råd om utveksling og når det passar å reise ut.

Språk

Universitetet gir språkundervisning i japansk på fleire nivå.

Kva emne kan eg ta

Utvekslingsstudentar frå UiB får opptak ved Faculty of Intercultural Studies. Fakultetet tilbyr Japanese Language Courses på forskjellige nivå.

Studieavgift

UiB har ein utvekslingsavtale med Kobe University som inneber at vi kan få inntil to friplassar kvart år, forutsett at dei òg sender studentar til oss.

Informasjon